Hopp til innhold

Svensk skiløpar omkom i snøskred

Ein svensk skiløpar omkom etter at heile turfølgjet på tre blei tekne av skred i Isfjorden i Rauma fredag.

redningsaksjon Isfjorden

Det var krevjande forhold for dei som arbeidde med å hente ut skiløparane frå fjellet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Politiet opplyser fredag kveld at ein av dei tre svenske skikøyrarane er omkomen.

Alle tre i turfølgjet måtte sendast til sjukehus etter at dei blei tatt av eit skred i Rauma fredag ettermiddag.

Det blei tidleg klart at to av dei var alvorleg skadde, no er den eine stadfesta omkomen.

Han blei fredag ettermiddag sendt til St. Olavs hospital i Trondheim med helikopter, og politiet går ut med dødsbodskapen i samråd med dei pårørande.

– Alt tyder på at han har vore under snømassane før han blei henta ut, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Operasjonsleder i politiet i Møre og Romsdal, Eivind Klokkersund

Operasjonsleiar Eivind Klokkersund seier redningsaksjonen var utfordrande på grunn av vêret.

Foto: Remi Sagen / NRK

Innlagt ved sjukehus

Dei to andre er innlagt ved Molde sjukehus. Den eine er alvorleg, men ikkje livstruande skadd. Den andre skal ha fått mindre skadar.

Dei tre er heimehøyrande i Sverige, ifølgje politiet.

Moanebba i Isfjorden, der det har fått et skred.

Moanebba i Isfjorden, 756 (moh.) blir rekna for å vere ein middels krevjande tur på ski.

Foto: Ottar Rydjord

Vêret skapte utfordringar

Politiet fekk melding om skredet like etter klokka 13, men vêret gjorde det krevjande for redningsmannskapa å hente ut dei tre skikøyrarane.

Innsatsleiar Per Tore Storbråten i Møre og Romsdal politidistrikt. Tre svenske skiløparar blei tatt av eit skred i Isfjorden i Rauma fredag.

Innsatsleiar i politiet, Per Tore Storbråten.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Rundt klokka 14.45 klarte luftambulansen å ta seg gjennom skylaget. Også eit redningshelikopter var på staden.

Dei to mest alvorleg skadde blei etter kvart blei henta ut med helikopter, den tredje måtte fraktast ut på slede.

– I dag var det vanskelege redningsforhold. Det var mykje vind i fjellet og mykje turbulens som gjorde det vanskeleg for helikopteret. Difor hadde vi parallelt sendt inn mannskap til fots og ski, seier Per Tore Storbråten som var innsatsleiar frå politiet på staden.

Det var gult farevarsel for kraftige vindkast i området då skredet gjekk. Ifølgje yr.no var det frisk bris frå sør med vindkast på 28 meter i sekundet i Isfjorden i dette tidsrommet.

redningsaksjon Isfjorden

Store styrkar var på plass i Isfjorden fredag ettermiddag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Store styrkar i sving

Mange etatar rykte ut etter å ha fått melding om skredet fredag. Politiet, Hovudredningssentralen, ambulanse, brannvesen, luftambulanse og Rauma lensmannskontor blei alle varsla.

Også Røde Kors, Norske Redningshundar og Norsk Folkehjelp deltok.

– Vi er no framme, og har på oss ski for å gå opp i fjellet, sa Øystein Valde, distriktsleiar for Røde Kors til NRK fredag ettermiddag.

Det er meldt moderat fare for snøskred i området, ifølge snøskredvarslinga til NVE.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL