Hopp til innhold

Gult farenivå ved Veslemannen – den trettande evakueringa er over

Søndag morgon måtte dei 11 innbyggjarane ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen evakuerast. No får dei flytte heim.

Mannen ny

DIREKTE: Sjå direkte frå fjellet Mannen i Rauma her. Den nedre delen av fjellpartiet har blitt aktivert tidlegare i sesongen i år, opplyser NVE.

Klokka 18.00 tysdag offentleggjorde nemleg NVE at dei set ned farenivået til gult.

– Det er forsvarleg å setje ned farenivået, seier NVE-geolog Gudrun Dreiås Majala til NRK tysdag kveld.

Gudrun Dreiås Majala (NVE)

Geolog Gudrun Dreiås Majala.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Den trettande evakueringa sidan 2014 og den andre så langt i sommar er dermed over.

– Hastigheita i fjellpartiet har minka utover dagen i dag. Rørslene i øvre del av området er om lag ni centimeter i døgnet, medan rørslene i nedre del også er på veg ned. Der er rørslene om lag 1,3 centimeter i døgnet, skriv NVE i si grunngjeving.

– Fjellpartiet er svekka

Det har ikkje gått større skred frå fjellpartiet tysdag.

Nysnøen som kom onsdag og torsdag sist veke har no smelta.

– Det er meldt tørt og varmt ver framover, noko som vanlegvis stabiliserer fjellpartiet endå meir, seier Gudrun Dreiås Majala.

NVE-geologen føler seg sikker på at det ikkje blir fleire evakueringar dei næraste dagane, men har ingen garanti for korleis det blir vidare utover sommaren.

– Fjellpartiet er svekka. Det er ikkje mykje som skal til før vi ser at rørslene aukar, forklarer Dreiås Majala.

Mannen ny

Sivilforsvaret overvaka Veslemannen tysdag ettermiddag. No kan dei reise heim.

Foto: Remi Sagen / NRK

Skote fart igjen

Tysdag morgon bestemte NVE seg for å halde fram med raudt farenivå, som altså betyr evakuering.

Dette vart grunngitt med variasjonar i hastigheita til rørslene ved Veslemannen.

Rørslene i det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen var framleis relativt store, men vart noko mindre i løpet av natta.

– Det har skote litt fart igjen på morgonen. Difor vel vi å vente litt med å justere ned farenivået, sa Gustav Pless, geolog i NVE, til NRK tysdag morgon.

Rørslene hadde då det siste døgnet har vore 13 centimeter i den øvre del av fjellpartiet og 1,5 centimeter i nedre del.

Få steinsprang

Natt til tysdag var det få steinsprang og observerte ras frå fjellet.

Rørslene i den nedre delen var relativt store, men konstante sidan farenivået blei heva til raudt søndag 7. juli.

Gustav Pless

Gustav Pless, geolog i NVE.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Vi har sett ein minkande trend i løpet av fleire dagar no, med berre nokre små framstøyt. Det er desse som gjer at vi må vente litt med å justere ned farenivået, sa Pless tysdag morgon.

Den nedre delen av fjellpartiet blir sett på som viktig for at det skal gå eit større ras frå Veslemannen. Det er rørslene i denne delen som NVE er mest opptatt av.

– Den nedre delen har blitt aktivert mykje tidlegare i sesongen i år. Det får oss til å tru at vi kan få ganske store rørsler i løpet av denne sesongen. Tidlegare har partiet vore frose til august/september, men i år ser vi at rørslene har starta mykje tidlegare, sa geologen.

Rekordtidleg evakuering

30. juni oppjusterte NVE farenivået ved Mannen til raudt for første gong i år.

Dette er første året at farenivået har blitt heva til raudt så tidleg i sesongen.

Før har den tidlegaste evakueringa vore i august. Dei elleve bebuarane under fjellpartiet har no blitt evakuerte to gonger på ei veke.

Fjellet Mannen

Veslemannen er eit ustabilt fjellparti ved fjellet Mannen.

Foto: NVE