Hopp til innhold

Bur ved rasfarlege fjell – no får dei endeleg bygga det dei vil

I fem år blei dei stadig evakuerte frå det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen. Bebuarane ved ustabile fjell har ikkje fått bygga på eigedommane sine, men no blir dei høyrt.

Kjell og Gunn Sogge

Kjell Sogge og Gunn Sogge har levd med strenge byggerestriksjonar fordi dei bur under det rasfarlege fjellet Mannen. No vil regjeringa gje dei unntak.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Utanfor på garden står traktorar, maskiner og tømmer nedsnødd på rekke og rad. Sauebonde Gunn Sogge har lenge ønskt å sette opp ein hall på garden, men fordi ho bur under fjellet Mannen i Rauma får ho ikkje lov.

Fjellpartiet Veslemannen raste ut i 2019, men sjølve Mannen rører seg to centimeter i året. Det kan ein dag ta med seg 20 millionar m³ ned i dalen med store konsekvensar.

Det er ingenting som tyder på at dette skjer i nær framtid. Fjellet er nøye overvaka av NVE døgnet rundt som skal varsle i god tid før raset kjem.

Men det er ikkje rasfaren som plagar bøndene no, men ei byggelov kalla TEK17 som sett avgrensingar for utbygging i farlege område. Denne har eit unntak for stader som er truga av flodbølgjer frå skred, som Geiranger på Sunnmøre. Men ikkje plassar som er direkte truga av fjellskred.

– Det har vore ei ulempe for oss og for drifta. Vi har ikkje kunna planlegga framover og utvikla garden slik vi ønskjer. Vi har det hengande over oss at garden er mindre verdt, fordi ein ikkje får bygga ut her, seier Sogge.

Garden til Gunn Sogge under fjellet Mannen

Gunn Sogge skulle gjerne ha bygd ein lagringshall på garden til traktorar og utstyr.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Nabo Kjell Sogge har tatt nøye forholdsreglar for å unngå brann i heimen. Mellom anna har han slutta med å bruka stearinlys.

– Brenn det opp så er det ingen plass å bu. Det er litt trasig å bu i telt om vinteren, seier Kjell Sogge.

– Eg finst ikkje redd

Slik er det også for bonde Frode Tveito i Øvre Eidfjord i Hardanger. Frå stoveglaset ser han rett opp på fjellet Tussafoten, der delar av fjellet blei sett under kontinuerleg overvaking i fjor. Det rører seg rundt åtte centimeter i året.

Frode Tveito, Øvre Eidfjord

Frode Tveito har utsikt til det 1100 meter høge fjellet Tussafoten.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Nei, eg finst ikkje redd. Det er synd det skal stoppa opp ei heil bygd. Vi får ikkje lov til å utvikla oss, ungdommane får ikkje bygge på husa sine og brenn det ned får vi ikkje lov til å bygga nytt. Det er trasig, seier Tveito.

Vil endre regelen

Men no opnar regjeringa for å endra byggelova. Kommunalministeren har nemleg gått inn for å gje kommunar som Rauma og Eidfjord unntak slik dei har ønskt.

– Det handlar om å gje betre tilpassa reglar for kor ein kan bygga i område som er utsett for fjellskred og flaum frå skred, der ein har overvaking og gode varslingsrutinar. Og det er viktig for at vi skal ha utvikling i heile Noreg, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp), kommunal- og distriktsminister.

Sigbjørn Gjelsvik

Sigbjørn Gjelsvik frå Senterpartiet er kommunal- og distriktsminister.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Endringane trer i kraft allereie frå 15. mars og inneber at område som kan bli ramma direkte av fjellskred, blir likestilte med område som kan bli ramma av flodbølge som følgje av fjellskred. Dei legg også opp til at vilkåra for å opne for utbygging er meir tilpassa risikoen i området.

– Det betyr veldig mykje. No føler vi at vi kan senka skuldrene litt og tenka framover og at framtida er litt sikrare, seier Gunn Sogge i Rauma.

Bonde Gunn Sogge bur rett under fjellet Mannen i Rauma. Garden hennar i bakgrunnen.

Gunn Sogge er veldig glad for at det blir endring i regelverket.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ho hadde nærast gitt opp å få ei avklaring etter mange års venting. Også ordførar i Eidfjord har etterlyst endringane.

– Det er veldig kjekt å høyra, og dette er veldig viktig. Vi har nemleg lite byggeland i Eidfjord og dette vil vere viktig for framtidig utvikling, seier ordførar Anders Vatle (Sp).