Hopp til innhold

Sprenge Mannen? – Det er ikkje verdt forsøket

Heilt sidan farenivået blei heva til raudt første gong hausten 2014, har NVE fått spørsmål om kvifor dei ikkje berre kan bruke dynamitt for å sprenge fjellet. I Sveits blei eit nesten like stort fjellstykke sprengt i stykke i 2001.

Fjellet Mannen, Rauma

Heilt sidan 2014 har det kome spørsmål om ein ikkje kan bruke sprengstoff til å fjerne fjellpartiet Veslemannen i Rauma. Fire år seinare er det framleis ikkje eit alternativ, seier NVE.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I kommentarfelta i sosiale medium blir det stadig stilt spørsmål om kvifor ein ikkje kan sprenge ned det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen med dynamitt.

Mannen skjermdump
Foto: Skjermdump Facebook

Veslemannen har eit volum på 120 000–180 000 m³, noko som utgjer rundt éin prosent av det totale volumet av Mannen. Den mest aktive delen har flytta seg 3,8 meter den siste månaden. Men det er den nedre, og mindre aktive delen, som blir sett på som viktig for at det skal gå eit større ras.

Fjellet Mannen

Fjellet Mannen og det rasfarlege partiet Veslemannen.

Foto: NVE

Suksess i Sveits

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kjenner til eit tilfelle der det har vore gjennomført sprenging av liknande volum. Dette var fjellpartiet Chapf i Sveits som blei sprengt ned i 2001. Der blei det bora 180 hol på opptil 80 meters lengde (totalt 8 kilometer med borehol), og det blei brukt 19 tonn sprengstoff. Kostnadene omgjort til 2017-nivå var på om lag 55 millionar kroner.

I fleire månader blei det jobba med å gjere fjellet klart. Sprenginga skjedde to gonger over to år før partiet kom ned. NVE meiner det ikkje er mogleg å få til noko tilsvarande med Veslemannen.

– Det er for farleg

Problemet er å få til ei sprenging som vil ha effekt, seier Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE.

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra, seksjonssjef i NVE, meiner at å sprenge fjellpartiet vil vere for risikofylt for mannskapa, og usikkert med tanke på konsekvensane for resten av fjellet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NVE

– Vi har eigentleg utelukka det. For det første må vi ganske langt ned på frontpartiet av Veslemannen, og der er det livsfarleg å opphalde seg. I tillegg måtte vi fått mannskap og tungt utstyr dit, noko som er svært risikofylt, seier geologen.

Blikra seier at dynamitten må plasserast på nøye planlagde punkt inne i fjellet. Deretter må ein tette igjen hola, for at det skal kunne ha nok sprengkraft. Det kan ein ikkje gjere utan å utsetje dei som skulle gjort dette for fare.

– Å bruke eit helikopter for å plassere sprengstoff på toppen av fjellet, utan å bore hol, vil ikkje nytte. Det vil ikkje ha nok effekt. Det vil truleg berre eksplodere rett ut i lufta.

– Dessverre dødfødt

Blikra får støtte av Olaf Rømcke, leiar av Bransjerådet for bergsprenging.

Fjellet Mannen i Rauma

Olaf Rømcke, leiar av Bransjerådet for bergsprenging, meiner det ikkje er vits å prøve å sprenge fjellpartiet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det hadde sjølvsagt vore flott om dynamitt kunne vore løysinga på problemet, men det er dessverre ganske dødfødt, seier han.

Rømcke seier at ein sannsynlegvis måtte brukt enorme mengder sprengstoff for å få ned fjellpartiet. I tillegg er han usikker på kva effekt sprenging vil ha på resten av fjellet.

– Det er ikkje verdt forsøket.

Ulike vatningsforsøk

Hausten 2017 gjorde NVE for første gong forsøk på å tilføre vatn i sprekkene ved Mannen for å løyse ut eit skred. Sjølv om dette gav litt auka bevegelsar, var det ikkje nok. NVE har difor skrinlagt denne metoden.

Arbeid med vanning på Veslemannen

I 2017 prøvde NVE å pøse vatn på fjellet, utan at det hadde den effekten dei ønska.

Foto: NVE / NVE

– Kapasiteten på vatningsanlegget var for liten. Vi måtte hatt nesten 40 kubikkmeter meter med vatn i timen over lang tid for å få ønska effekt. Det hadde kravd langt større dimensjonar på røyr og pumper, noko som hadde blitt svært dyrt, seier Blikra.

Å bruke brannhelikopter for å vassbombe fjellpartiet eller heller ikkje eit realistisk alternativ.

– Vêret er som regel for dårleg til å bruke helikopter når farenivået blir heva. Vi hadde også måtte hatt rundt 40 helikopterlass i timen over lang tid for å vere i nærleiken av ønska effekt. Ein slik enorm operasjon måtte også blitt planlagt i god tid.

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

Sjå video om kva som kan skje om det går eit ras frå Veslemannen eller Mannen.