Hopp til innhold

Raudt farenivå på Veslemannen – rekordtidleg evakuering

Nedbør og store rørsler i fjellet har gjort at NVE har sett opp farenivået for Veslemannen i Romsdal til raudt nivå. Bebuarane er evakuert.

Mannen ny

Sjå direkte:

Raudt nivå betyr at det er stor fare for at fjellet kan rase.

Måndag morgon opplyser Sivilforsvaret sin lyttepost at dei har registrert nokre få steinsprang gjennom natta.

– Det har vore fem små steinsprang i løpet av natta. Det var aktivitet mellom kvart på tolv og klokka 03.00. Etter det har det vore roleg, seier Kaj Roger Gråberg i Sivilforsvaret.

Dei har post ved fjellpartiet kvar gong farenivået blir oppjustert til raudt. Sivilforsvaret har vore på plass sidan søndag i 23.00-tida. Gjennom natta har lytteposten hatt eit skift på tre som rullerer på å lytte kvar sin time.

Stor ustabilitet

Denne omgangen med rørsler i fjellet starta 13. juni, og då vart farenivået sett til gult. Tidlegare søndag 30. juni vart nivået heva til oransje.

Gudrun Dreiås Majala (NVE)

Rørslene i fjellet er aukande, seier geolog Gudrun Dreiås Majala i NVE.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Etter det har rørslene halde fram med å auke, og vi ser no at det er stor ustabilitet i heile fjellpartiet. Dette er bakgrunnen for at farenivået vart heva til raudt søndag, kveld, seier geolog Gudrun Dreiås Majala til NRK.

Ho fortel at det kom ein god del nedbør i området utover søndagen, og det er meldt betydelege nedbørsmengder fram til måndag kveld. Denne nedbøren vil truleg kome som snø i høgda.

Majala opplyser at rørslene er på 40–60 millimeter pr. dag i øvre del og 6–11 millimeter i nedre del av fjellpartiet. Farta har auka dei siste timane.

Har starta evakuering

Politimeisteren i Møre og Romsdal har avgjort å setje i verk evakuering bustadane som ligg i nærleiken av Veslemannen. Aldri før har bebuarane blitt evakuerte så tidleg på året.

Dei 11 bebuarane som bur ved Veslemannen blei søndag kveld evakuert. Det er Rauma kommune som har ansvaret for evakueringa.

– Kommunen har hjelpt til med å tilby bustader til folk og dyr for natta, seier ordførar Lars Olav Hustad til NRK.

Så lenge farenivået ligg på raudt vil NVE sende ut to daglege rapportar, ein på morgonen klokka 09 og ein på kvelden klokka 18. Lenka finn du her: Varsel om Veslemannen .

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. De fire siste årene har deler av fjellet flyttet seg flere meter!

Ingen veit når det vil kome eit ras frå fjellet Mannen, men geologane veit at det vil skje. Dei fem siste åra har delar av fjellet flytta seg fleire meter!

AKTUELT NÅ