Hopp til innhold

Samlar all pizzaproduksjonen i Stranda: – Dette er ein gledens dag

I fjor blei det selt 33 millionar pizzaar av typen Grandiosa og Big One til den norske marknaden. No samlar Orkla all pizzaproduksjonen på Stranda.

Esker med pizza grandiosa ligger tett i tett, stablet i en frysedisk. Eskene er firkanta og gul-oransje, med bildet av pizzaen foran. Øverst står "GRANDIOSA" med store, hvite bokstaver, skrevet på et rødt banner.

GRANDIOSA: Grandiosa har vore produsert sidan 1980. No blir all pizzaproduksjonen til Orkla samla på Stranda. Orkla produserer mellom anna Grandiosa og Big One.

Foto: Tore Meek / NTB

I dag har Orkla pizzaproduksjon tre stadar i landet. To av desse er i Stranda kommune, i Svemorka og på Sløgstad. Det tredje er på Sem i Tønsberg kommune.

No blir denne produksjonen samla på anlegget ved Svemorka, melder Orkla. I dag jobbar det 155 tilsette ved anlegga i Stranda og tolv i Sem i Tønsberg.

Orkla produserer mellom anna Grandiosa og Big One.

– No rustar vi oss opp for å vere leveringsdyktige på pizza i mange år framover. Ved å samle produksjonen kan vi bli endå meir effektive og svare endå raskare på etterspurnaden frå norske forbrukarar, seier Dag Olav Stokken, kommunikasjonsdirektør i Orkla til NRK.

  • Og Grandisproduksjonen kjem ikkje berre folk i Stranda til gode:

Les også Desse larvane er fôra opp på Grandiosa og øl – og smakar baconcrisp

Mjølbillelarve frå oppdrettsanlegget til Norinsect i Stordal.

Skal investere millionar

Pizzaeventyret i Stranda på Sunnmøre byrja for over 40 år sidan. Kvart år blir det produsert millionar av pizzaer ved anlegga her. I fjor blei det selt 33 millionar pizzaar av typen Grandiosa og Big One til den norske marknaden.

– Det er ingenting som tyder på at nordmenn blir mindre interessert i pizza. No blir vi rusta for å auke produksjonskapasiteten vår ytterlegare, seier Stokken.

Dag Olav Stokken, kommunikasjonsdirektør i Orkla.

Dag Olav Stokken, kommunikasjonsdirektør i Orkla.

Foto: Orkla

Han seier at det var naturleg å satse vidare i Stranda.

– Det er enklare å drive frå ein stad i staden for tre. Det gjer det også mogleg å drive meir effektivt og utvikle kvaliteten, seier Stokken.

Fabrikken i Svemorka i Stranda blei sett i drift i 1997 og anlegget har blitt oppgradert dei siste åra. I tillegg skal Orkla no investere 175 millionar.

– Før all pizzaproduksjon blir samla i Svemorka, blir det investert ytterlegare i anlegget, for både å gi auka produksjonskapasitet og effektivitet, ifølge Orkla.

Selskapet opplyser at anlegget på Sløgstad ikkje har hatt fast bemanning dei siste åra. Dette er den opphavlege pizzafabrikken på Stranda som blir tatt i bruk ved behov for å auke produksjonen.

– På grunn av høgt sal gjennom vinteren vil den bli sett i drift igjen frå mai og blir truleg drive fram til produksjonen kan bli samla i Svemorka vinteren 2025/26.

Les også Utvidar for å selje meir Grandiosa

Grandiosa hos Orkla på Stranda

– Dette er kjempestort

Ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang (H), har tidlegare vore tilsett i bedrifta og er positiv til den satsinga som no skjer.

Stranda-ordførar Einar Arve Nordang (H).

Ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang (H), er svært glad for den satsinga som Orkla no gjer i kommunen.

– Dette er kjempestort. No er det snakk om å samle all pizzaproduksjonen til Orkla i Stranda.

Han trur samlokaliseringa vil ha positive ringverknader.

– Først og fremst vil det bli fleire arbeidsplassar, det er eg heilt overtydd om. I tillegg betyr det at ein sikrar dei arbeidsplassane som er der. Dei investeringane som dei har gjort og no gjer viser den trua dei har på Stranda som ei produksjonsbedrift og ei kommune.

– Så dette er ein gledens dag, seier Nordang.

Orkla produksjonsanlegg for Grandiosa og Big One pizza på Stranda

Både Grandiosa og Big One blir produsert ved anlegga i Stranda.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Satsar i Stranda, legg ned i Tønsberg

Dag Olav Stokken i Orkla, seier at satsinga i Stranda ikkje nødvendigvis vil føre til fleire arbeidsplassar der.

– Ikkje i sjølve pizzaproduksjonen. Der vil det faktisk bli litt færre arbeidsplassar enn det i dag er til saman.

– Men det betyr at vi etablerer oss endå sterkare på Stranda. Det er også sannsynleg at det vil få ringverknader for lokalsamfunnet ved at vi treng hjelp frå lokale bedrifter i samband med dei oppgraderingane vi skal gjere, legg han til.

På Sem i Tønsberg har det mellom anna blitt produsert pizza til storhushaldningsmarknaden. Denne blir no flytta til Stranda.

– Vi skal drive vidare på Sem i halvanna til to år til. Etter dette er det slutt på produksjonen der. Vi har stort fokus på å hjelpe dei 12 tilsette der i omstillinga, seier Stokken.