Hopp til innhold

Stadig fleire farlege fjell å overvake, men ikkje fleire tilsette

Arbeidet med å overvake fjella vil bli stadig viktigare i tida framover, men olje- og energiministeren vil ikkje love pengar til nye stillingar ved overvakingssenteret til NVE.

Olje- og energiminister Terje Aasland besøker Åkneset

Olje- og energiminister Terje Aasland besøkte fredag «Ørnereiret», toppinstallasjonen ved Åknesremna i Stranda, vest for Geiranger.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Her overvakar dei Noregs farlegaste fjell.

Senteret i Stranda starta med å overvake tre fjell. No overvaker dei sju kontinuerleg, men med same mannskap.

Men det er stadig fleire fjell som blir periodisk overvaka, og då vil dei trenge fleire folk med kompetanse til å jobbe der.

– Det er ei utfordring knytt til ressurssituasjonen vi har, men vi løyser det etter beste evne med midlane vi får tildelt. Det seier Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE.

I dag vart olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) frakta høgt opp i sunnmørsfjella, for å få meir innsikt i kva desse overvakarane driv med. Prosjektet i Stranda var startskotet på kontinuerleg overvaking av fjellparti i Noreg.

Men han kunne ikkje love at det ville kome pengar til å fleire arbeidsplassar der.

Terje Aasland besøker Åkneset
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Trengst fleire ressursar

I årevis har folk på Sunnmøre førebudd seg på den enorme flodbølgja som kjem til å rasere bygdene ved fjorden når dei store steinmassane på Åkneset dundrar i fjorden. Slik vi kunne sjå i katastrofefilmen Bølgen.

Det er dette dei prøvar å unngå ved overvakingssenteret.

Det er ei stor og viktig oppgåve som blir gjort her på Stranda, og som gjer at folk kan vere tryggje, seier statsråden.

NVE seier dei får stadig fleire oppgåver her og har prosjekt på gang. Kva tenkjer du når dei seier dei kjem til å mangle økonomi og folk her på Stranda?

Vi kjem med ei eiga stortingsmelding om flaum- og skred til neste år. Det å reise ut no, snakke med dei som jobbar med dette dagleg, sjå på prosjekta dei jobbar med og fjella dei overvakar – det er usedvanleg viktig for meg i dette meldingsarbeidet.

Er det sjanse for at det vil bli fleire kompetansearbeidsplassar her ved dette senteret?

Det er ingen tvil om at NVE og arbeidet som blir gjort i samband med flaum, skred, klimatilpassingar og så vidare – det vil krevje meir ressursar av samfunnet i tida framover, og samfunnet må sørgje for å løyse dei oppgåvene som kjem.

Han vil ikkje gi lovnad om meir pengar, men seier likevel at arbeidet med overvakinga vil krevje det for å halde oppe tryggleiken.

Terje Aasland besøker Åkneset
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Nytt prosjekt

Det er særleg eitt prosjekt som no er i gang på Stranda. Fagfolk trur nemleg dei har funne løysinga på å unngå ein enorm flodbølgje; vatn i fjellet.

Vatnet legg seg i sjikt i det ustabile fjell og skapar glatte skli-flater.

Ved å drenere bort vatnet gjennom kanalar i fjellet kan heile fjellpartiet bli stabilisert og skredfaren bli kraftig redusert.

Olje- og energiministeren seier det er ei viktig oppgåve NVE jobbar med, og at dei får ein rapport anten i 2024 eller 2025.

Då vil rapporten vise om det vil verke, om det vil avgrense utviklinga i fjellet og korleis ein kan gjere det, og så må ein ta stilling til det då. Men det er absolutt nødvendig at vi i tida framover sikrar folk, i den grad vi kan gjere det, seier Aasland.

Godt fornøgde

Det var her det starta. Overvakingsarbeidet som held på over heile landet, og som veks i omfang. Det seier Sverre Magnus Havig, seksjonsleiar i NVE.

Her er fjella som overvakes av senteret i Stranda. NVE sitt senter i Kåfjord overvakar fjella Jettan, Indre Nordnes og Gàmanjunni 3.

Sverre Magnus Havig, NVE seksjonsleder på teknisk fjellovervåkning.

Sverre Magnus Havig, seksjonsleiar i NVE, er godt fornøgd med besøket av ministeren.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Til tross for lite nytt frå ministeren i fredagens besøk, er han godt fornøgd.

Eg synest vi fekk god gehør. Det verka som han forstod alvoret, og hadde god forståing for det vi gjorde. Det var kjekt å ha ministeren med på tur.

Også Arild Ringdal, leiar i Stranda Arbeidarparti, meiner partikollegaen og ministeren viste forståing av behovet for fleire hender i framtida.

Arild Ringdal, leiar i Stranda Arbeiderparti.

Arild Ringdal, leiar i Stranda Arbeiderparti, siger det har vore ein kjempedag og har trua på at det blir fleire tilsette i kommunen i framtida.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Det er viktig for Stranda kommune å skaffe seg nye type arbeidsplassar. Inntil no har turismen og industrien heldt folketalet stabilt, men no ser vi at folketalet går ned. Samtidig er det å skaffe seg statlege arbeidsplassar i distrikta ei fanesak for meg.

Trur du det blir fleire tilsette her?

Ja, det trur eg. Eg er ganske sikker, seier han og ler.