Hopp til innhold

Meiner dette er verdas lengste berg- og dalbane

FYLKESVEG 60 (NRK): Seks gongar kvar dag humpar trailersjåfør Geir Støverstein gjennom strekninga Grodås-Hellesylt. Det går så hardt utover rygg og nakke at han vurderer å skifte jobb.

Geir Støverstein på vegen mellom Grodås og Hellesylt

Geir Støverstein meiner vegen er som ein potetåker. Ikkje berre er den smal og svingete, men den humpar også.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det skjer det same kvart einaste vår. Teleløysinga på fylkesveg 60 lagar store humpar og sprekkar i asfalten. Langs strekninga har det kome opp to skilt som slett ikkje Statens vegvesen står bak.

Skilt på strekninga Grodås-Hellesylt der det står verdas lengste berg- og dalbane

To stader på strekninga har eit slikt skilt blitt sett opp av privatpersonar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

«Verdas lengste berg og dalbane», står det på skiltet. Trailersjåfør Geir Støverstein har billett til dette tivoliet kvar dag.

– Det røyner på rygg og nakke. Sånn sett burde eg ha funne meg ein annan jobb, seier Geir Støverstein. Han sit bak rattet og lettar stadig frå setet.

Sjukmeldt

Støverstein køyrer produkt frå møbelindustrien i ei fast rute. I fjor vart ryggsmertene så store at han vart sjukmeldt i ein månad. Han fryktar at den dårlege vegen fører til langtidsskadar på kroppen.

– Det hjelp lite at bilen har alt komfortabelt utstyr når ein køyrer gjennom ein potetåker, seier trailersjåføren, som sniglar seg frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal i 40 km/t for å ikkje gjere skade på varene til Ekornes. Håpet hans er at politikarane tek tak og bygg ny veg.

PS! Du kan bli bilsjuk av å sjå denne humpete videoen:

Trailersjåfør Geir Støverstein køyrer Grodås-Hellesylt seks gongar dagleg

Dyra lid

På Hellesylt i Stranda vert det produsert alle slags kjøtvarer. Ringdal er ein storbrukar av fylkesvegen kvar dag. Her vert det frakta levande dyr til slakteriet, varer skal ut til kundar og tilsette pendlar på strekninga. Dagleg leiar, Ole Ringdal, vert regelrett forbanna av å tenke på den dårlege vegen.

– Eg må klype meg i armen. Er det mogleg å ha ein slik veg i 2018? Den er truleg Noregs desidert dårlegaste veg, seier Ringdal.

Ole Ringdal

Ole Ringdal vert forbanna av å tenke på den dårlege vegstandarden. Hans bedrift brukar vegen svært mykje.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Skuva vegen ned på lista

Vegen er opphavleg ein grusveg som fekk asfalt på 70-talet. I fleire tiår har det blitt kjempa for å bygge ny veg her, men lite har skjedd anna enn at holene blir tetta med jamne mellomrom og vegen får ny asfalt. Fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sette i gang reguleringsarbeid for ny veg, men dette arbeidet stoppa opp då dei skuva fylkesveg 60 ned på prioriteringslista si. No vert vegen fylkespolitikarane i Møre og Romsdal sitt problem, fordi Hornindal slår seg saman med nabokommunen og skiftar dermed fylke.

Jan Ove Tryggestad

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) meiner at det hastar med å sette i gang reguleringsplanen for å få ny veg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vegen har vore ei total forsøming frå politikarane i Sogn og Fjordane i mange tiår. Standarden er så dårleg at det er nesten ikkje er til å tru, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp). Han håper at reguleringsplanen no kjem i gang. Stranda og Hornindal har sagt at dei vil forskottere kostnaden.

Må berre orke

I semitraileren er Geir Støverstein ferdig med dagens tredje tur på strekninga. Tre turar står att.

– Eg og kollegaene mine lurer ofte kvifor vi orkar å køyre her mange gangar dagleg, men slik er det berre. Det er jobben vår, seier Støverstein.

Norges verste veg, Fv. 60 Hellesylt-Grodås, Møre og Romsdal
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK