Hopp til innhold

Skrekken er at skulebussen blir tatt av ras

RIKSVEG 13 (NRK): Både bussjåføren og rektoren fryktar ei alvorleg rasulukke med ein av skulebussane på riksveg 13 mellom Erfjord og Sand. På den svært så rasfarlege riksvegen trafikkerer tre skulebussar i kvardagen.

Jan Natland

Bussjåfør Jan Natland kjenner på ansvaret for elevane når han køyrer på den rasfarlege riksveg 13 mellom Erfjord og Sand. – Det verkar som at det må skje ei ulukke for at det skal bli fart på rassikringa, seier han.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Eg tenkjer på ansvaret eg har for elevane. Det sviv i hovudet på deg heile vegen at du må forbi den rasfarlege plassen, seier bussjåfør Jan Natland, mens han kikkar opp langs liane etter steinras.

I skulebussen har han med seg elevar som skal frå Erfjord til ungdomsskulen på Sand i Suldal kommune i Rogaland.

Maren Kilane

9.-klassingen Oda Sandvik Hoftun er blant elevane som har den rasfarlege strekninga Erfjord- Sand som skuleveg.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Men for å komma til skulen må dei bussast 20 kilometer på ein svært rasfarleg veg: Riksveg 13 mellom Erfjord og Sand, ein av ti kandidatar i NRK si kåring av Norges verste veg.

– Eg kjenner folk som har fått stein i bilrutene, og det går fleire ras nå på våren. Det er ikkje bra slik det er nå, seier 9.-klassingen Oda Sandvik Hoftun.

– Det er litt skummelt og ikkje så veldig kjekt å tenka på. Men eg har jo blitt vant med denne skulevegen, supplerer 8.-klassingen Maren Kilane.

Rektoren slapp med skrekken

Berre i 2017 registrerte Vegtrafikksentralen 27 stein-, jord-, snø- eller isras på strekninga, og ved fleire tilfelle blei vegen midlertidig stengt. Året før var talet 33 ras.

Men bak desse tala er det også mange mindre ras som ikkje blir registrerte.

I 2011 stengde eit stort snøras ein bil inne på rasvegen og i 2013 sa dåverande ordførar, Torkel Myklebust, at det nesten dagleg gjekk mindre eller større ras – og at det berre var flaks at det ikkje hadde gått liv tapt.

Norges verste veg, Rv. 13 Sand-Erfjord, Rogaland

Riksveg 13 mellom Erfjord og Sand i Rogaland er 20 kilometer lang og går forbi rasutsette Lovrabakkane.

Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

Det er totalt tre skulebussar i Suldal som må via den rasfarlege riksveg 13 mellom Erfjord og Sand. Rektoren på Sand skule har sjølv rasvegen som sin veg til og frå jobb. Han erfarte også kor rasfarleg vegen kan vera eit par år tilbake i tid.

Då klarte rektoren så vidt å bremsa ned før snøraset kom ned frå fjellsida og dekka heile vegen.

– Det var ei ekkel oppleving. Eg stokk skikkeleg og blei minna på kor skummelt det kan vera å køyra denne vegen, seier rektor Svein Carlos Nilsen Gjil.

Bil tatt av ras
Foto: Svein Morten Hagen / NRK
Det har gått mange ras på riksveg 13 mellom Erfjord og Sand dei siste åra.

– Norges verste veg

Det verste scenarioet for rektoren er ei alvorleg ulukke med ein av skulebussane på vegstrekninga. Ei bussulukke på rasvegen har også vore case i ei beredskapsøving i kommunen.

– Eg køyrer mykje på denne vegen og synst ikkje det er noko kjekt, så eg kan godt stå inne for at dette er Norges verste veg.

Lokalsamfunnet i Suldal har kjempa ein årelang kamp for å sikra vegstrekninga mellom Erfjord og Sand, og då spesielt den mest rasutsette delen mellom Lovraeidet og Rødsliane.

Carlos Nilsen Gjil

Rektor ved Sand skule, Svein Carlos Nilsen Gjil, har sjølv opplevd å nesten bli tatt av snøras på riskveg 13 mellom Erfjord og Sand. Skrekkscenarioet for rektoren er at ein av skulebussane blir tatt av ras.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ingen rassikring før 2024

Men med dagens planar blir ikkje det som nå er ein av kandidatane til Norges verste veg, sikra med ein fire kilometer lang tunnel før tidlegast i 2024.

– Det verkar som at det må skje ei ulukke for at det skal bli fart på rassikringa, meiner bussjåfør Jan Natland.

– Må det skje ei dødsulukke for at det skal skje noko?

– Det er nesten stygt å seia, men det verkar nesten slik.