Hopp til innhold

– I starten så heldt eg meir eller mindre pusten på desse verste partia

FYLKESVEG 615 (NRK): Med frykt i blikket og foten halvvegs på bremsepedalen snor Silje Pettersen den vesle bilen langs 36 smale og svingete kilometer. Kvar dag, året rundt er målet å unngå å krasje på ein av Noregs verste pendlarvegar.

Møtande bilar på fv.615 mellom Storebru og Hyen

RYGGE: Å utbetre strekningane i klassen særleg dårleg veg, vil koste 663 millionar kroner, ifølgje Statens vegvesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho sit godt framoverlent, klar til å hive seg på bremsa, klar til å vri bilen mot grøfta.

– Her er det ingenting å gå på. Har ein for høg fart her, så smell det, seier Silje Pettersen, bak rattet.

Fartsgrensa er 80 km/t, men speedometeret viser knappe 40 km/t. Ein kan spørje seg om Pettersen visste kva ho gjorde då ho flytta til Hyen i Sogn og Fjordane og begynte å pendle på fv. 615, dagen etter ho tok sertifikatet.

Norges verste veg, Fv. 615 Hyen-Storebru, Sogn og Fjordane
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

Halvparten av pendlarvegen til Førde er på ei strekninga der det meste kan gå gale.

– I starten så heldt eg meir eller mindre pusten på desse verste partia, seier Pettersen og tek eit djupt magedrag.

Strekninga Storebru–Hyen i Sogn og Fjordane er ein svært svingete 1-feltsveg, med dårleg sikt, kraftige telehiv, manglande rekkverk, rasfare, ujamn veg og langt mellom møteplassane.

For familien Sæterlid vart det til slutt for vanskeleg.

Gambling med liv og helse

– Vi flytta fordi vi ikkje ville satse liv og helse, verken for oss vaksne eller ungane, seier Per Arne Sæterlid.

Trebarnsfaren arva eit gardsbruk, fekk lærarjobb på skulen og tok familien til Hyen. Men etter eitt år hadde dei fått nok. Redsla for ei ulykke var sterkt medverkande til at dei flytta. Sæterlid meiner ferdsel på fv. 615 er rein gambling.

– I Hopsstranda er det høgt ut for, viss ein først fer utfor vegen så er det liten sjanse for å overleve. Vegen er ikkje berre utrygg, den er farleg, meiner Sæterlid.

Silje Pettersen

SMALT: Vegen Silje Pettersen pendlar manglar det meste, mellom anna 70 møteplassar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men mange pendlar vegen kvar dag, mellom anna til jobb på verftet i bygda. Når Tor Øyvin Aa skal rekruttere folk, er fylkesvegen ei hindring.

Slitne folk og bilar

– Vi merkar det på intervju, dei har lyst på jobben, men ser mørkt på å pendle, seier direktøren.

– Du tilbyr jobb, men dei nøler?

– Ja, dei kvir seg på å køyre vegen, morgon og kveld, vinter og sommar. Det vert slitsamt i lengda, seier Tor Øyvin Aa.

Ein som kan skrive under på det, er Edvin Hesjedal og bilen hans.

– Det er rett og slett grufullt. No hadde eg havari på bilen. Alt er heilt ferdig. Bilen har ikkje gått meir enn 140.000, men vegen tek livet av den, seier Hesjedal.

Han har pendla i åtte år, men orkar snart ikkje meir.

– Eg prøver å halde ut eit år til, men eg veit ikkje. Vegen tek livet av oss.

Høge skuldrer

For nokre betyr pendling tid for seg sjølv, tid til lydbok, tid til å la tankane fly. Silje Pettersen ler høgt ved tanken.

– Det er 100 prosent konsentrasjon på vegen. Eg må vere på heile tida, forklarar Pettersen.

Silje Pettersen

PENDLAR: Silje Pettersen har lagt bak seg sin første vinter som pendlar på fylkesveg 615.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den verste dagen i vinter brukte ho to timar på den 62 kilometer lange turen til jobben i Førde.

– I vinter var det ganske heftig. Då var eg ganske spent og sliten når eg kom fram, seier Pettersen.

TA TUREN: Her kan du bli med på heile turen Sile Pettersen køyrer kvar dag.