Hopp til innhold

Brannen i Molde sentrum er sløkt

Poltiet melder at brannen i eit leiligheitsbygg i Molde sentrum no er sløkt. Ein person blir behandla etter røykskadar.

Brann Molde

Store styrkar rykte ut til brannen i eit leilighetsbygg i Molde, som no er sløkt.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Ifølgje politiet var det opne flammar på ein terrasse, og det blei jobba med evakuering.

Totalt i leiligheitskomplekset skal det vere 40 bebuarar. Ein person får behandling for røykskadar.

Naudetatane er på staden og brannvesenet starta med å slå ned brannen på terrassen. No skal brannen vere sløkt.

Sprinkleranlegget kobla seg på rundt klokka 07.15, ifølgje politiet.

Operasjonsleiar Eivind Klokkersund i politiet seier det var kraftig røyk som ein kunne sjå frå store delar av Molde sentrum.

Brann Molde
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK