Hopp til innhold

Her må borna skyssast heim med båt

Foreldra i Hyen var ikkje rådlause då vegen heim frå barnehage og skule vart stengd av ei sprengingsulukke.

Det blei sjøvegen heim frå skule og barnehage

BÅT FOR BIL: For Joar (5) og Eiril (3) blei det båttur heim etter at ei steinblokk sperra vegen heim frå barnehagen.

Foto: Sindre Zachariassen

Ei seks meter lang skjering i fjellet losna og velta fram i vegen etter sprenging på fylkesveg 615 i Nordfjord.

Ulykka skjedde i samband med arbeid på fylkesvegen.

– Det var litt uventa å måtte ut i båt no, seier Sindre Zachariassen etter å ha losa fem born heim frå barnehage og skule.

Vegen rundt er frykteleg lang følger småbarnsfaren opp.

Då blei løysinga for borna å sette sjøbein forbi rasstaden.

– Vi undersøker saka

Entreprenøren arbeider no med å få ei oversikt over omfanget og skadane på vegen, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Sprengingsulukke i Gloppen

SPRENGINGSULYKKE: Fv. 615 er stengd etter ei sprengingsulykke onsdag ettermiddag.

Foto: Erlend Skorpetveit Aga / NRK

– Vi undersøker saka og prøver å finne ut kva som har skjedd, seier Jørn Inge Grytten som er byggeleiar på staden.

Vegen vert stengt ut fredag, og opnar forhåpentlegvis til helga seier han.

Ingen kom til skade då steinblokka dundra ned i vegen.

Anne Berit Selle var på veg heim då ho kom fram til ei vegsperring.

– Eg blei stoppa eit godt stykke unna, seier ho til NRK.

Då arrangerte ho båttur heim for dei pendlande borna. Det kan det fort bli fleire av sidan vegen vert stengd ut veka.

Båt for bil for borna

TIL KAI: Og kanskje rett til køys for borna etter ein omveg heim.

Foto: Erlend Aga / NRK

Ikkje første gong

Fv. 615 har fleire gonger blitt stengt etter at stein har kome dundrande ned i vegen i Hopsstranda. Både hyarane og ordførar Leidulf Gloppestad har i mange år etterlyst ei utbetring av vegen.

Omkøyring er om E39 via Sandane og Førde. Selle er ein av trafikantane som får ein omveg på meir enn tre timar heim frå arbeid i dag. Òg for skuleelevar i bygda Solheim som skal med bussen betyr dette ein svært lang omveg heim.

SPRENGINGSULYKKE: Det er på fylkesveg 615 mellom Hyen og Storebru i Kinn det har vore eit sprengingsulykke.

Noregs nest verste veg

Vegen vart kåra til Noregs neste verste veg i ei kåring NRK og NAF gjorde tilbake i 2018.

Sidan då har deler av strekninga blitt utbetra. Sprengingsarbeidet vert gjort som siste ledd i utviding av vegen. Arbeidet skal etter planen vere ferdig innan nyttår.

Olav Klungre frå Hyen er blant dei som har kjempa for betre veg i bygda.

– Det viktigaste er at ingen har skadd seg i hendinga. No er det viktig at vegen blir opna så raskt som råd. Det er fleire som er avhengige av den, og det er ein svært lang omkøyringsveg.

Norges nest verste veg

NOREGS NEST VERSTE VEG: Dåverande Flora-ordførar Ola Teigen (Ap), Olav Klungre og Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad avduka skilt i 2018.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ordførar Leidulf Gloppestad seier uhellet syner kor sårbare dei er.

– Uhell kan skje, og det er trasig. Men dette syner kor store problem vi får når vegen blir stengd, uansett om det er ras eller uhell, seier Gloppen-ordføraren.