Hopp til innhold

Seier nei til tunnel under Storfjorden og Sulafjorden

Vegvesenet ser heilt bort frå planar om den svært djupe tunnelen mellom Hareid og Sula. Løysingar med flytebru over Storfjorden og Sulafjorden ligg langt fram i tid.

Magnhild Meltveit Kleppa og Terje Moe Gustavsen

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og vegdirektør Terje Moe Gustavsen under pressekonferansen i Ørsta i dag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er klart etter at Vegdirektøren i dag la fram konseptvalutgreiinga for E39 mellom Skei i Sogn og Fjordane og Halsa på Nordmøre.

Slik ser forslaget frå Statens vegvesen ut. Kva meiner du? Går dei for dei rette løysingane? Sei meininga di i kommentarfeltet under artikkelen.

Ny E39

Dette kartet blei presentert på pressekonferansen i Ørsta i dag.

Foto: Statens vegvesen

Tunnel gjennom Utvikfjellet

Om ein byrjar frå sør, meiner vegvesenet at E39 skal gå i tunnel under Utvikfjellet. Når Kvivsvegen blir ferdigstilt vil mykje trafikk bli overført til Fylkesveg 60 via Stryn og Olden. Difor vil det vere behov for utbetringar på denne strekninga uansett om fjordkryssinga blir etablert eller ikkje.

Vegvesenet meiner det er potensial for reisetridsreduksjon på 14 minutt på denne strekninga.

Kryssing av Nordfjord

Kjetil Strand Magnhild Meltveit Kleppa

Strategisjef i vegvesenet Kjetil Strand og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Trond Vestre / NRK

Her vil vegvesenet ha ei hengjebru på storleik med Hardangerbrua. Dette er godt mogleg å få til med dagens teknologi, skriv vegvesenet. I den samla vurderinga heiter det at dette er det mest lønsame prosjektet, med stor reisetidsgevinst og kan byggjast med velkjend teknologi.

Vegvesenet påpeikar imidlertid at det er til dels stor usemje om trasevalet.

Forkjemparane for fjordkryssing mellom Anda og Lote hadde budd seg på kakefeiring. I staden blir det sørgjekake.

Ranveig Årskog

Ranveig Årskog er skuffa over den austlege lina mot Stryn. Ho ville heller krysse fjorden mellom Anda og Lote.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

– Eg hadde tenkt på ei kakefeiring. Men no blir det heller sørgjekake. Eller kanskje skal eg kalle det ei «meir innsats-kake». Vi må kjempe vidare for Anda - Lote, seier Ranveig Årskog.

Ny veg forbi Volda og Ørsta

I rapporten som blei lagt fram i dag, ligg det også løysingar til korleis både Volda og Ørsta skal passerast. Vegvesenet foreslår tunnel forbi Volda sentrum, og ny bru og tunnel ved det dei kallar Ytre Ørstafjord. Prosjektet kortar inn E39 med 15 minutt, og vil ha stor nytte uavhengig av kva konsept for kryssing av Storfjorden som blir valt, heiter det i utgreiinga.

Se HELE saken her:

Video E39-HALSA

Kryssing av Storfjorden eller Sulafjorden

Vegvesenet ønskjer ikkje tunnel under Storfjorden, verken på strekninga Festøy-Solavågen eller mellom Hareid og Sula.

Her vil dei utvikle bruløysingar, og i mellomtida tilrår dei at ferjene skal ha fleire avgangar.

Uansett traseval inneber bruløysing truleg ei lang endeforankra flytebru, skriv vegvesenet. Dette er i dag utanfor det som er mogleg å realisere, heiter det i dokumentet som blei lagt fram i dag.

Vegvesenet omtalar denne fjordkryssinga som teknologisk svært komplisert. Det krev eit omfattande utviklingsarbeid og vil truleg ligge eit godt stykke fram i tid.

Rune Hovde

Rune Hovde er ordførar i Ørsta.

Foto: Høgre

– Vi hadde ønskt at Fefast vart peika ut som eit tydeleg alternativ for det vi vil ha. Men vala for tunnel mellom Volda og Ørsta og kryssing av Ørstafjorden ytst ute fører traseen rett inn på Fefast-prosjektet. Fefast har ikkje svekka si sak, seier ordførar i Ørsta, Rune Hovde.

I planen ligg det ei styrking av ferjetilbodet mellom Festøya og Solavågen. Dette er også i dag eit E39-samband, og det økonomiske ansvaret ligg hos Statens vegvesen.

Hareid - Sulasundet er eit fylkesveg-samband. Ei eventuell styrking her vil vere eit fylkeskommunalt ansvar.

– Tek for lang tid

Industrileiar Gunvor Ulstein er skuffa over at vegvesenet ikkje har teke noko val mellom strekninga Festøya–Solavågen eller Hareid Sula. Ho meiner vegvesenet burde ta eit val, og så setje i gang eit arbeid for å utvikle dei teknologiske løysingane.

Gunvor Ulstein

Gunvor Ulstein meiner vegvesenet burde ha valt mellom Fefast og Hafast.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Eg tykkjer at dette vil ta for lang tid. Det blir for mykje utgreiingar. Og teknologien kan kome på plass. Med ein gong ein set offshoremiljøet, det maritime miljøet og vegvesenet saman, kjem vi til å få dette på plass, seier Gunvor Ulstein.

Dei burde altså ha teke eit val mellom Fefast og Hafast?

– Ja, dei burde ha kome med ei klar anbefaling. Vegvesenet skal ta omsyn til store bu og arbeidsmarknadsregionar. Slik ville Hafast ha peika seg ut til å vere den naturlege løysinga, seier Ulstein.

Vegomlegging ved Sjøholt

Alle som har køyrt E39 i Ørskog skjønar at noko må skje før eller seinare for passeringa av Sjøholt. Her går trafikken nært busetnaden, og fartsgrensa er nede i 50 og 60 kilometer i timen fleire stader.

Ei ny vegline nord for sentrum kan korte inn E39 med 5 minutt, heiter det i utgreiinga.

Bru over Julsundet

Vegvesenet presenterer også ei løysing for kryssing av Romsdalsfjorden. Her peikar dei på tunnel og bru over Julsundet. Dette inneber bygging av Noregs lengste hengebru så langt. Vegvesenet ser på dette som mogleg med dagens teknologi.

Spart reisetid her er rekna til 41 minutt. Sjølve fjordkryssinga er kostnadsrekna til 10 milliardar kroner, og med tilførselsvegar og andre kostnader kjem dette opp i 16,3 milliardar kroner.

Se HELE saken her:

Video E39-HALSA

Byprosjekt i Molde

Uavhengig av fjordkryssing er det behov for å løyse trafikkproblema i Molde. Ein bytunnel kan vere aktuelt. Vegvesenet vil avvente arbeidet med ein bypakke i Molde for å få avklart kva tiltak som skal setjast i verk.

Lønset–Hjelset

Strekninga Lønset–Hjelset har mange avkjørsler og nedsett fartsgrense. Her vil vegvesenet byggje ny ved nord for den eksisterande vegen.

Batnfjordsøra

Det er nedsett fartsgrense i Batnfjordsøra og fleire kilometer sør for sentrum. Vegvesenet vil flytte vegen til dalbotnen. Dette skal korte ned reisetida vesentleg.

Kryssing av Halsafjorden

Vidare må Halsafjorden kryssast. Her går innstillinga ut på at det skal byggjast bru. Vegvesenet omtalar dette som eit hengebrukonsept som ligg i utkanten av det som blir rekna som mogleg i dag.

Hengebru er ei kostbar løysing, og denne hengebrua ligg på den strekninga som har lågast trafikk. I første fase er det mest aktuelt med ei innkorting av dagens ferjesamband, skriv vegvesenet. Kryssinga er kostnadsrekna til 6,8 milliardar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL