Den største utfordringa er Sognefjorden. Både tunnel og bru blir vanskeleg over landets lengste og djupaste fjord.
Bergens Tidende skriv i dag at samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa ber om å få vite kva teknologi som skal til for å krysse alle fjordar på strekninga. Det skal også greiast ut kva nytteverdi dette vil ha for næringsliv og inbyggjarane.
Bru over Nordfjorden?
I Nordfjord har engasjerte sjeler føreslege bru over fjorden som er Norges sjette lengste. Det har kome forslag om to plassar der kryssing. Både mellom Anda og Lote der ferja går i dag, og nokre kilometer lenger vest.
Men det blir Sognefjorden som blir den aller største utfordringa. Den er både lengst og djupast. Tunnel blir vanskeleg å få til, for fjorden er på det djupaste ikkje langt frå Lavik. Djubda er heile 1308 meter.
400 meter høge tårn
Regionvegsjef Olav Ellevset har sagt at brutårna må vere rundt 400 meter dersom det skal vere bru over Sognefjorden. I tillegg må den vere fire kilometer lang.
Politisk rådgjevar Sigrid Brattabø Handegard i Samferdsledepartementet seier at seier fjorden er ein bøyg for å få det ferjefritt. Difor skal dei finne ut om det er mogeleg.
– Alle som er avhengige av ferje, veit kva det betyr å kunne reise ferjefritt, seier ho til avisa.
Svara skal vere klare frå Vegvesenet i 2012.