Hopp til innhold

Sirkusartist skadd etter fall i Ørskog

Ei kvinne fall ned tre meter under ei sirkusførestiling onsdag kveld.

Circus Arnardo

Cirkus Arnardo heldt fram førestillinga etter at ein kvinneleg trapesartist fall i bakken under eit nummer.

Foto: Tipsar

Circus Arnardo

Kvinna vart frakta til sjukehus med luftambulanse.

Foto: Tipsar

Ulukka skjeddde då to trapesartistar, ein kvinne og ein mann, var i ferd med å avslutte eit akrobatisk nummer under ei førestilling med Cirkus Arnardo på Sjøholt.

Kvinna glapp taket, og fall tre meter i bakken.

– Ho klaga på smerter i ryggen og vart dermed frakta til sjukehus. Skadane skal ikkje vere alvorlege, seie operasjonsleiar Arill Reite i Sunnmøre politidistrikt.

Heldt fram førestilinga

Sirkuset valde å halde fram førestillinga for dei frammøtte publikummarane.

– Vi skal gjere granskingar på staden, men vil vente til den pågåande førestillinga er over før vi går inn, sa operasjonsleiaren, litt etter klokka 20 onsdag kveld.

– Ubehageleg

Litt før klokka 21 var politiet ferdige på staden.

– Vi behandlar dette som eit vanleg arbeidsuhell. Ein rapport vert oversendt Arbeidstilsynet som vil vurdere om dei skal ta saka vidare og juristar vil vurdere om rutinene har blitt følge, seier operasjonsleiar Reite til NRK.

Therese Refsnes Grønbeck var i publikum då hendinga skjedde. Til Smp.no fortel ho at det var ei ubehageleg oppleving då kvinna hylte idet ho landa. Ifølgje Grønbeck var ikkje ikkje trapesartisten i stand til å reise seg, men var tydeleg bevisst.

Ein lege og nokre sjukepleiarar i salen kom raskt til manesjen.

– Det tok ganske lang tid før ambulansefolka kom, fortel ho til avisa og

Les også: Sirkus droppar elefantar

Laster Twitter-innhold