Hopp til innhold

Jubel for rassikring i Volda

Regjeringa løyver 124 millionar kroner til rassikring av Hjartåberga i Volda i forslaget til statsbudsjett. Dette er nesten dobbelt så mykje som venta.

Kvivsvegen kart

Hjartåberga ligg ved Austefjorden i Volda. Her blir det stor trafikk når Kvivsvegen opnar.

Gruppeleiar Jan Henning Egset i Volda Arbeidarparti er svært fornøgd.

– Dette er kjempebra. Vi hadde venta ei løyving på 64 millionar kroner. No fåår vi 124 millionar kroner. Dette prosjektet blir no sett i gang med fyll tyngde, seier Egset.

Kvivsvegen

Rassikringa av Hjartåberga har samanheng med det store vegprosjektet Kvivsvegen på grensa mellom Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Hjartåberga er eit rasutsett område ved Austefjorden i Volda. Trafikken her kjem til å auke vesentleg når Kvivsvegen blir opna.

– No får vi ein rassikker veg frå Volda på Sunnmøre til Grodås i Sogn og Fjordane, seier Jan Henning Egset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Augekorallrev 2 Geiranger

Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver