Hopp til innhold

Stiller til val med ferjeliste

Folk på sørsida i Volda fryktar at dei vil hamne i ei bakevje når Kvivsvegen opnar. No lanserer dei eiga politisk liste.

Rolleiv Hjelle, Jacob Helset

Rolleiv Hjelle til venstre og Jakob Helset til høgre. Dei er begge tillitsvalde for Ferjelista.

Foto: Joachim Åsebø/Møre-Nytt

Dei fryktar konsekvensane når Kvivsvegen opner i 2012.

Til valet til hausten stiller dei derfor med eiga politisk liste, Ferjelista.

Viktige saker for dei er å verne om Stigedalen som stamveg og ferja mellom Folkestad og Volda.

Storparten av kandidatane kjem frå Bjørkedal, Straumshamn, Folkestad, Dalsbygd og Steinsvik/Åmelfot.

– Vi har ikkje nådd fram med argumentasjonen vår tidlegare, og det vil vi gjere noko med. For om vi ikkje er til stades der avgjerdene vert tekne, så har ein inga makt, seier Rolleiv Hjelle til NRK.

Fryktar for kommunikasjonane

For han og dei andre på lista er redde for å kome i ei bakevje når mange bilar ikkje lenger treng å ta ferja på grunn av Kvivsvegen.

– Når ein ser på kommunikasjonane kjem vi til å verte set 30-40 år tilbake i tid når noverande E39 vert omklassifisert, seier han.

– Då vert ferjeavgangane halverte og vi mister nattferja. Kva med beredskapen då? Og ikkje minst alle pendlarane til Volda sentrum. Dette er negativt for Volda kommune. Eg håpar berre dei som styrer skal innsjå dette, påpeikar Hjelle.

Valgurne

Ferje og veg er hovudsakene som Ferjelista vil arbeide for.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Vil ha bruløysing

I pressemeldinga Ferjelista har sendt ut skriv dei at dei har desse målsetjingane for ferjesambandet:

- Kjempe for å behalde ruteopplegget som det er i dag
- Overgang til to litt mindre ferjer med rutefrekvens kvart 20 min på dagtid, i tillegg til fleire nattferjer
- Bruløysing Krumsvikneset – Greivsneset
- Og brukryssing av Dalsfjorden frå Nautvikneset til Skrubbeneset.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL