Hopp til innhold

Vil ha bru over Voldsfjorden

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Grendalaga på sørsida av Voldsfjorden vil ha bru over fjorden.

Dei meiner dei ikkje er tent med alternativet via Kvivsvegen, og at det beste er stamveg gjennom Stigedalen og brukryssing over til Volda.

Konsekvensutgreiinga av E39 mellom Skei i Sogn og Fjordane og Volda pågår no.

- Raskaste og billigaste

- Vi synes dette er ein veldig bra trasè. Dette er det raskaste og billigaste alternativet, seier Rolleiv Hjelle som er leiar for Arbeidsutvalet for trafikktrygging av E39 mellom Volda og Folkestad, og Lote i Nordfjord.

Det er lenge blitt arbeidd med ei konseptutvalsutgreiing for strekninga mellom Skei og Volda. Dei to mest aktuelle alternativa er det midtre, frå Byrkjelo, om Innvik og til Grodås, der ein kjem seg via Kvivsvegen til Volda og det ytre, der ein reiser til Volda via Lote-Anda, om Eid og Stigedalen.

Nord/sør

Hjelle legg vekt på at Kvivsvegen er eit Aust/vest-samband, medan dei meiner det er viktig å tenke nord/sør. Det er altså alternativet via Stigedalen som arbeidsutvalet går for, og helst med bru over Voldsfjorden.

På sikt vil dei også ha bru over Dalsfjorden, og på den måten knytte seg til Vanylven, og om Rovdesambandet kjem, også til Sande.

No håper Hjelle at deira fråsegn vert lagt vekt på når Vegvesenet skal trekkje endelege konklusjonar i slutten av mars.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Augekorallrev 2 Geiranger

Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver