Hopp til innhold

Møreaksen treng meir pengar

Under generalforsamlinga i Møreaksen i Molde torsdag bestemte selskapet at aksjekapitalen skal utvidast. - Vi treng meir pengar til alt grunnlagsarbeidet som må gjerast i månadene framover, seier styreleiar Helge Orten.

Helge Orten har tro på Møreaksen
Foto: Trond Vestre

Møreaksen arbeider for eit ferjefritt samband frå Sunnmøre til Romsdal og vidare nordover.

I fylkestinget neste år

Generalforsamlinga har vedteke at aksjekapitalen skal aukast med mellom 2,5 og 7 millionar kroner. - Vi kjem nokså snart til å gå ut til bedrifter og kommuner og be dei skyte inn pengar i prosjektet, seier styreleiar i Møreaksen og ordførar i Midsund Helge Orten.

 - Møreaksen treng meir pengar fordi det er mykje grunnlagsarbeid som må gjerast i tida framover. Norsk transportplan skal rullerast, og i april 2008 skal saka opp i fylkestinget, seier Orten.

Alternativ

Alternativa for korleis vegsambandet skal gå, teiknar seg no nokså klart, meiner Helge Orten. Møreaksen har valet mellom ei ytre linje med fjordkryssing i tunnel mellom Brattvåg og Dryna og ei indre linje med tunnel under Tautra. Det er tre alternativ for kryssing av Julsundet: bru, tunnel eller ein kombinasjon av bru og tunnel.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Augekorallrev 2 Geiranger

Oppdaga stort korallrev i Geiranger­fjorden

Heidi Vebenstad sitter sammen med en stor gjeng damer ved et kafebord.

Kritisk etter regjeringens forslag til stats­budsjett: – De lover og lyver