Det er stor optimisme for framdrifta til samferdselsprosjektet Møreaksen etter generaforsamlinga i Brattvåg i dag. Den konkrete planlegginga av ferjefri fjordkryssing kan starte.
Les også:
- Vi kan starte for fullt
Styreleiar for Møreaksen, Molde-ordførar Jan Petter Hammerø, meiner Møreaksen med ferjefri kryssing har kome mykje lenger i det siste. Då Stortinget behandla Nasjonal Transportplan (NTP) 11.juni, var det fleire merknader som gjaldt Møraksen og ferjefri kyststamveg. Dette har gjeve rom for optimisme.
- No har vi fått dokumentert at Stortinget støttar opp under prosjektet Møreaksen, slik at vi kan få tilgang til planleggingsmidlar. Saman med lokale og sentrale krefter skal vi no starte for fullt planlegginga av Møreaksen, seier Hammerø.
Ferjefri kyststamveg
Møreaksen er eit kyststamvegprosjekt som skal gjere at ein kan reise
ferjefritt gjennom fylket. Tunnel frå Vestnes til Otrøya og bru over Julsundet er eitt av alternativa.
- Utfordringa med bru over Julsundet er den mest spektakulære. Det er viktig å kome i gang og drage med seg alle gode krefter for å finne gode løysingar for denne brua. Det er det som hastar mest. Samstundes må ein også ha fokus på å velje kva traséar vi vil ha under sjøen, seier styreleiar Jan Petter Hammerø.
Når kjem de til å sette i gang planlegginga?
- Planlegginga er eigentleg allereie i gang, etter generalforsamlinga i dag. Men i praksis betyr det frå august av.