Hopp til innhold

Dannar Fefast i kampen for bru

Formannskapet i Ørsta avgjorde i ettermiddag å opprette eit selskap for ferjefritt samband frå Festøya til Solavågen.

Paul Kristian Hovden
Foto: NRK

Det nye selskapet selskapet får namnet Fefast.

Om politkarane får godkjendt vedtaket sitt i kommunestyret i midten av desember får Søre Sunnmøre ei motvekt til Hareid Fastlandssamband (Hafast), meiner varaordfører i Ørsta, Paul Kristian Hovden (KrF).

- Først og fremst er det vi i kommunen som no opprettar dette selskapet. Så håper vi at næringslivet og dei andre kommunane på Sunnmøre blir med slik vi har vore med å støtte Hafast, Rovde-brua og andre vegprosjekt, seier Hovden.

Tryggleik og miljø

I motsetnad til Hareid Fastlandssamband sitt alternativ om tunnel, vil varaordføraren i Ørsta gå for eit brusamband.

- I utgangspunktet trur eg at eit brusamband vil vere meir framtidsretta og dekke nokre av dei krava som knyttar seg til ein framtidig stamveg, seier Hovden.

- Ein slepp å køyre ned på ei djupne for så kome opp igjen. Det har noko med tryggleik å gjere, men har og eit miljøaspekt, seier Hovden.

Sjølv om ørstingane vil opprette Fefast, vedtok dei også under same formannskapsmøte å støtte andre vegprosjekt i regionen, deriblant Hareid Fastlandssamband.

- Vi støttar Hafast, men ikkje som E39, seier Paul Kristian Hovden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL