Hopp til innhold

– Må innhalde plan for økonomisk satsing

Leiar av samferdsleutvalet i Møre og Romsdal har store forventningar til Statens Vegvesen sine faglege tilrådingar for ny E39.

E39 mellom Sande og Årbergsdalen i Gaular

E39: Statens Vegvesen sine faglege tilrådningar for korleis framtidas E39 skal sjå ut er klar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

På tysdag i veka som kjem overleverer Statens Vegvesen sine faglege tilrådingar, for E39 mellom Skei i Jølster og Valsøya i Halsa, til samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa i Ørsta.

Konseptvalutgreiingane for strekningane E39 Skei – Ålesund, E39 Ålesund - Bergsøya, E39 Bergsøya – Valsøya er no ferdig.

Det er knytta spenning til kva vegdirektør Terje Moe Gustavsen presenterer i den såkalla konseptutvalutgreiinga (KVU) for E39.

LES ÒG:

Ventar på signal

Oddbjørn Vatne

ER SPENT: Oddbjørn Vatne (Sp) meiner dei faglege tilrådingane må innehalde ein plan for økonomisk satsing.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Leiar av samferdsleutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne frå Senterpartiet, har store forventningar til konseptutvalutgreiinga.

– Det må ligge ein optimisme i dette her og det må ligge signal om at me får løyst dette her med ferjefri kyststamveg i løpet av ein rimeleg kort periode. Eg tenkjer meg ein 20-års periode, seier Vatne.

– Kva konkret trur du me får vite når dei faglege tilrådingane vert langt fram?

– Me får vel konkret vite noko om dei to nordlegaste fjordkryssingane våre, der får me noko vite kva som vert vald. Eg håpar dei er rimeleg konkrete i framlegga sine der.

LES ÒG:

– Må innhalde plan for økonomisk satsing

Mest av alt håper Vatne at utgreiinga innheld planer for det økonomiske.

– Det vert rimeleg avgjerdane å finna ei finansieringsløysing som er anleis enn det me normalt har på vegane, og det gjeld særleg dette med fjordkryssingar.

Samferdselsministeren mottar forslaga i Ørsta på tysdag. Etter det blir dei sendt ut på ei høyringsrunde.