Det er berre veker sidan politikarane i Nordfjord forsto det slik at dei var samde om å einast om E39 over Anda-Lote gjennom Eid.
Sei di meining:
Vil leggje om E39
Men så kjem Vågsøy-ordførar Roger B. Silden med bensinkanna og set skikkeleg fyr på debatten. For han vil ha E39 lagt om til det som er idag riksveg 60 om Byrkjelo og Stryn, og han vil be Statens Vegvesen å vurdere dette.
Altså vil han ha vegen endå lenger inn i landet, endå han lenge har meint at kysten er forsømt når det gjeld samferdsle.
Er dette berre eit spørsmål om kvar E39 bør gå? Eller er det eit spørsmål om å svekke bruplanane over Nordfjorden ved Lote- Anda? For det kan jo styrke planane om ei bru over Nordfjorden lenger ute på kysten.
- Kraftig provokasjon
Uansett om dette er ein kamp om veg eller bru, for arbeidarpartikollega i Eid, Sonja Edvardsen, er dette ein kraftig provokasjon
- Eg reagerer sterkt på dette, for med Silden sitt innspel set vi regionen vår tilbake når det gjeld det å vere offensive i høve til infrastruktur. Det er viktig for heile regionen når det gjeld verdiskaping, arbeidsplassar og arbeidskraft. Vi må klare å tenkje utanfor våre eigen kommuengrenser når vi skal sambarbeide, seier ho.
- Ingen omkamp
Silden seier at målet må vere eit best mogeleg vegnett.
- Denne diskusjonen må vi kunne ta. Om det er to kommunar som har bestemt seg for å ha ei bru over Nordfjord, så må vi kunne diskutere det.Når det gjeld kystvegen, så har vi sagt at vi ønskjer eit samband på kysten, og det er ingen omkamp på kyststamvegen, seier han.
- Når du vil ha E39 lenger inn og samstundes kjempar for fjordkryssing lenger vest, er ikkje det då omkamp?
-Nei, det er fornuftig å ta den diskusjonen no når vi ser på dei store utbyggingane vi har i vår region, så må vi kunne sjå på dette med samferdsle i ein skikkeleg samanheng.