Hopp til innhold

Håper no på ro rundt Sebastian-saka

Ida Gils Ødegaard i Kristiansund er letta over at politimeisteren har tatt ut sikting mot Helse Møre og Romsdal. No ventar ho på ro og rettferd etter at babyguten hennar døydde.

Ida Gils Ødegaard

Ida Gils Ødegaard miste guten sin då han berre var ti månader gamal. I ettertid har det fleire gongar blitt slått fast at han ikkje fekk den hjelpa han skulle hatt. No håper ho at helsepersonell lærer noko av det som skjedde med guten deira, og er letta over at det er tatt ut sikting i saka.

Foto: Roar Halten / NRK

Sebastian Gils Ødegaard blei berre ti månader gamal. På veg til sjukehus døydde han i helikopteret på veg til St. Olavs Hospital, og onsdag blei det kjent at Helse Møre og Romsdal no er sikta.

Dersom statsadvokaten reiser tiltale, og helseforetaket blir dømd, er det første gong i historia.

– Eg ser eigentleg fram til at saka skal bli ferdig, det er litt endelaust, det har vart så lenge. Eg har veldig stor tru på dei menneska som jobbar med denne saka, eg veit at det på ein måte blir ei viss rettferd, seier mora, Ida Gils Ødegaard til NRK Møre og Romsdal.

Les også:

Frykta å ikkje bli tatt på alvor

Ida Gils Ødegaard - sebastian

Foreldra til Sebastian Gils Ødegaard blar i gamle bilde av guten sin. No håper dei på ro.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I etterkant av dødsfallet til den vesle babyen, kom det fram at ikkje alt skjedde etter boka. Statens helsetilsyn konkluderte rett før jul med at guten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp, og meinte Helse Møre og Romsdal burde straffast.

No har også politiet konkludert med at det som skjedde var straffbart.

– Det viser at alle fakta er komne ut, at det som skjedde med Sebastian ikkje var rett, og at det ikkje blir feia under eit teppe. Vi har følt at det har vore så vondt at han ikkje blei tatt alvorleg nok då han levde, og eg veit ikkje kva eg skulle gjort dersom saka ikkje hadde blitt tatt alvorleg etter at han døydde, seier Ødegaard.

Håper fagfolka lærer

Sebastian

Sebastian Gils Ødegaard var berre ti månader då han døydde på veg til sjukehuset i Trondheim.

Foto: NRK

Det er politimeisteren som har sikta helseforetaket, og det er no opp til statsadvokaten om det blir reist tiltale, og saka dermed hamnar i retten.

Foreldra håper no at det kan bli sett endeleg punktum for saka, men er litt i tvil kor fort det kan skje.

– Eg veit ikkje. Denne byen er ikkje så stor, så saka kjem nok aldri til å bli gløymd. Eg håper at vi personleg får ro, og at fagfolk kan bruke saka til læring, seier ho.