I dag var det konferanse om det barnemedisinske tilbodet i Helse Møre og Romsdal, der kommunar og helsepersonell fekk kome med sine innspel. Ellen Marie Langnes var ei av to mødrer som fortalde deltakarane kor viktig det er at også barn nord i fylket får eit trygt tilbod. Dei siste åra har barneavdelinga i Kristiansund vore feriestengt.
– Eg opplever at det er gambling med livet til mitt sjuke barn. Pengar er viktigare enn at han skal få eit trygt, godt og forsvarleg tilbod som er tilgjengeleg heile året, hevdar Langnes. Ho har kjempa for barnetilbodet i Kristiansund i mange år.
Trym Langnes Vassgård har ein sjeldan genetisk sjukdom.
Foto: privatOvermedisinert i ferien
Når det no skal byggast nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal, meiner Langnes at barneavdelinga må vere døgnopen og ha same tilbod som til sjuke vaksne.
Trym er fødd med ein sjeldan nevrologisk sjukdom, som drep hjernecellene. Han er fullstendig pleietrengande i heimen, og det finst ingen medisin som gjer han frisk att. Før kunne han snakke, men no er det nesten uråd å skjøne kva han seier.
Langnes meiner at det er urettferdig at kvar du bur i landet skal avgjere kva tilbod sjuke barn får. I dei periodane barneavdelinga er stengt, hevdar Langnes at ho må overmedisinere Trym for å vere sikker på at han slepp å bli så dårleg at han må på intensiven.
– Kristiansund er den einaste barneavdelinga i heile landet som stenger for å spare pengar i ferie. Det er ubegripeleg, seier Langnes. Ho hevdar at sonen hadde hatt eit betre helsetilbod på Sunnmøre.
Inger Karin Steinveg har lang erfaring med sjukehus. Dottera hennar, Mathilde, var sjuk heile livet.
Foto: Roar Strøm / NRKDottera døydde
Også Inger Karin Steinveg har lang erfaring med kronisk sjukt barn. Ho er mor til Mathilde, som døydde i november, 20 år gamal.
– Det at Mathilde døydde er veldig trist, men samstundes kjenner eg meg letta over å sleppe å vere så bekymra, seier Steinveg. Ho meiner det er uaktuelt å ikkje ha ei barneavdeling på det nye sjukehuset.
– For meg er det berre eitt alternativ, seier Steinveg.
Tre ulike modellar
Marianne Nordhov leiar arbeidsgruppa som jobbar med korleis tilbodet skal vere for sjuke barn i Møre og Romsdal i framtida.
Foto: Roar Strøm / NRKHelseføretaket har sett ned ei arbeidsgruppe som skal kome med si tilråding 1. oktober. Dei jobbar med tre ulike modellar for korleis barnetilbodet ved det nye sjukehuset skal vere. Det eine er at sjukehuset skal ha ei barneavdeling, med barnelege i døgnvakt.
Alternativ 2 er sengetilbod med barnelege berre på dagtid. Det tredje alternativet er at alle barn som skal innleggast vert sendt til Ålesund og at det nye sjukehuset berre har dagbehandling.
Barnelege Marianne Nordhov leiar arbeidsgruppa og seier det er for tidleg å kome med ein konklusjon no.
– Vi må få plass alle bitane i dette puslespelet. Dette er eit svært omfattande arbeid og vi skal også ha med moment frå innspelskonferansen i dag, seier Nordhov.