Hopp til innhold

Godtek førelegg på 500.000 i Sebastian-saka

Statsadvokaten sikta helseføretaket etter Helsetilsynet sin endelege rapport i saka. No godtek Helse Møre og Romsdal eit førelegg på 500.000 kroner.

Sebastian

Sebastian Gils Ødegaard døde på veg til St. Olavs Hospital 22. februar 2015. I desember 2016 konkluderte Statens helsetilsyn med at guten ikkje fekk forsvarleg helsehjelp.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

For første gong har Helse Møre og Romsdal fått bot etter eit dødsfall. Det skjer etter at babyen Sebastian Gils Ødegaard døydde i helikopteret på veg til St. Olavs Hospital i Trondheim, berre ti månader gamal.

Påtalemakta konkluderer no med at helseføretaket har brote helsepersonellova § 67 med forsett eller grovt aktlaust.

Knut Meek Corneliussen

Politiinspektør Knut Meek Corneliussen seier dei ikkje har funne grunnlag for å tiltale enkeltpersonar i helseføretaket.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er ei alvorleg sak, det er ei sak som har fått eit alvorleg og tragisk utfall, og det er skjerpande, og det blir reflektert i storleiken på bota, seier politiinspektør Knut Meek Corneliussen.

Viser til manglande kompetent personell

I førelegget kjem det fram at den ti månader gamle babyen ikkje fekk den hjelpa han burde fått: «Mangel på tilgjengelig kompetent helsepersonell og tilsvarende mangel på kompenserende tiltak i helseforetaket, samt manglende, klare rutiner for transportløsninger ved behov for flytting av pasienter, ledet til at Sebastian avgikk ved døden søndag 22. februar 2015.»

Administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal skriv i ei pressemelding av saka er vond og vanskeleg for alle partar.

– Som helsetilsynsrapporten peikte på var det fleire involverte partar og forhold som førte til hendinga. Helseføretaket er oppteken av å sjå framover og lære av rapporten frå Helsetilsynet i desember 2016, og vedtek førelegget, skriv Remme vidare.

Tiltak og læringspunkt

Dødsfallet til den ti månader gamle guten i februar 2015 vekte sterke reaksjonar over heile landet. Helsetilsynet har tidlegare avdekt fleire brot på spesialisthelselova, og saka har vore under politietterforsking. No er altså konklusjonen at det ikkje blir reist tiltale mot nokon, men at helseføretaket får ei bot.

Anna Owczarz

Barnelege Anna Owczarz har fått kritikk etter dødsfallet til Sebastian, men har avvist kritikken. Ingen enkeltpersonar blir heller ikkje tiltalte.

Foto: Roar Strøm

Barnelegen Anna Owczarz er ei av dei som fekk kritikk etter dødsfallet, men som heile tida har halde fast på at ho ikkje kunne gjort noko annleis. Verken ho eller andre blir no altså tiltalte i saka.

– På bakgrunn av etterforskinga som politiet har gjort, kan vi ikkje sjå at det er enkeltpersonar som har handla på ein straffverdig måte, og det kan ikkje førast bevis for at det er enkeltpersonar som har gått fram slik, seier politiinspektør Knut Meek Corneliussen.

Vil lære av saka

Espen Remme

VANSKELEG SAK: Dette er ei vond og vanskeleg sak for alle partar, seier Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Helseføretaket har aldri før fått ei bot, og skriv i pressemeldinga at dei har lært av saka.

– I etterkant av hendinga har Helse Møre og Romsdal arbeidd med tiltak og læringspunkt. Nokre av desse blei lagt fram for styret i januar 2017, seier Remme.

Mellom anna har barne- og ungdomseininga i Kristiansund sidan våren 2015 vore open sju dagar i veka, men med mindre kapasitet i helgane. I infeksjonssesongen har sjukepleiarbemanninga blitt styrka på dagtid i helgane. Prosedyren om Akutt sjukt barn/ungdom blei utarbeidd våren 2014, og er revidert i 2016.

Heile pressemeldinga frå Helse Møre og Romsdal her.

Foreldra til Sebastian Gils Ødegaard ønskjer ikkje å kommentere førelegget no.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL