Blei forseinka av flytrøbbel
Kirsti Brekke og Kristian Severeide er to av dei som blei råka av problema i flytrafikken i dag. Dei to skulle etter planen reise frå Ålesund til Stockholm, men flyet blei kansellert.
– Dette er jo eigentleg ei reise som skal markere at vi har vore gift i ti år. Så vi har gleda oss ganske lenge til dette, og ordna med besteforeldre som passar barn og heile pakka, seier Severeide.
– Vi satsar på at det blir. Vi har god tid, og skal vere der til søndag. Så vi får berre slappe av og vente så lenge, seier Brekke.