Hopp til innhold

Flyplass har ikkje reservestraum – kan måtte stenge igjen

Eit øydelagt aggregat fører til utfordringar ved Kristiansund lufthavn, Kvernberget.

Kristiansund lufthamn Kvernberget

STENGT: Kvernberget lufthamn var stengt i ei periode tysdag på grunn av problem med eit aggregat.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Tysdag morgon skapte både tåke og problem med straumforsyninga trøbbel på Kristiansund lufthavn, Kvernberget.

Flyplassen blei difor stengt i ei periode. I 12.00-tida har flyplassen opna igjen, men det øydelagde aggregatet skaper framleis problem.

Ola Sandvik, flyplassjef Kristiansund lufthavn, Kvernberget

Flyplassjef Ola Sandvik seier det kan ta dagar å få fiksa feilen på aggregatet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– No er vêret på vår side og vi har mykje lys, slik at vi kunne opne flyplassen. Men vi har problem med eit aggregat, som er sekundærkjelde til straumen som kjem inn til flyplassen. Denne er vi pålagt å ha for å drive luftfart, seier flyplassjef Ola Sandvik.

Det betyr at det ikkje finst ei reserveløysing dersom straumen skulle gå. Flyplassen kan difor ikkje ta imot fly når det er mørkt eller ved vanskelege landingsforhold på grunn av tåke.

– Vi har varsla dei som skal lande om at vi ikkje har ei sekundærkjelde, og må stenge igjen om vi får tåke eller når det blir mørkt, seier Sandvik.

– Kan ta timar og døgn

Det skal vere ein brent del på aggregatet som skal vere årsaka til problemet. Det er uklart kor lang tid dette vil ta å få fiksa denne.

– Vi er i gang med å kontakte leverandørar for å sjå om dei kan skaffe oss dei delane vi treng. Og så må vi få skifta desse. Vi veit dessverre ikkje kor lang tid dette vil ta. Det kan ta timar og døgn, seier Sandvik.

All helikoptertransport til og frå flyplassen har også vore innstilt. No kan det sjå ut som om delar av denne trafikken startar opp igjen frå 12.00-tida.

Kristiansund lufthamn Kvernberget

Ein brent del i eit aggregat gjer at Kvernberget ikkje har reservestraum.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK