Hopp til innhold

Gigantisk ballong i Nord-Noreg – skal til Nord-Amerika

Fleire sperra opp auga då dei så den enorme ballongen flygande over Nord-Noreg.

NASA BOOMS balloon skutt opp fra Kiruna, flyvende på blå himmel.

Denne ballongen har blitt observert av mange det siste døgnet.

Foto: Mattias Forsberg / SSC

NRK har fått fleire tips frå folk som har sett ein gigantisk ballong flygande over fleire stader i Nord-Noreg. Den er blant anna observert frå Træna, Gildeskål, Bodø, Evenes, Evenskjer, Bardufoss og Vannøya.

Den blei også sett fra Trøndelag.

Sidan den blei sett over fleire militæranlegg, har eit spørsmål meldt seg.

Er det ein spionballong?

Det er det altså ikkje.

Det viser seg at det er ein forskingsballong, som er sendt opp frå Esrange Space Center i Kiruna. Den har Nord-Amerika som destinasjon, og er 1,7 millionar kubikkmeter.

Det går fram i ei pressemelding frå romfartssenteret i Nord-Sverige.

Les også Enorme ballongar sende opp frå Esrange i Kiruna

Esrange i Nord-Sverige

Skal studere røntgenstrålar

Ballongen er ein såkalla NASA BOOMS-ballong, og det er den største som nokosinne er sendt opp frå Esrange Space Center.

Ballongen brukast til å studere røntgenstrålar i den polare atmosfæren. Resultata brukast til forsking.

Ballongen kan fly omkring 45,7 kilometer over jordoverflata.

Gigant-ballongen før den ble sendt opp i atmosfæren.

Gigant-ballongen før den blei sendt opp i atmosfæren.

Foto: Mattias Forsberg / SSC

Dette er den sjuande gigantiske ballongen dei sender opp frå Kiruna sidan i vår.

– Dette er noko helt unikt, og vi nå har nådd toppen av ballongbonanzaen vår med denne lansering.

Det seier Lennart Poromaa, direktør Esrange Space Center.

Skal til Nord-Amerika

Ballongen er sendt opp i samarbeid med amerikanske NASA.

Den har namnet 60MCF, og er ifølge det amerikanske romfartsetaten NASA av stor betydning for det vitskapelege samfunnet.

– Nokre av instrumenta som blir flydd er så følsame for forstyrringar frå atmosfæren at sjølv å fly litt høgare enn vår typiske høgde på 120.000–130.000 fot kan gi mykje vitskapeleg løn. Denne ballongen vil tillate NASA å fortsette å strekke grensene for det vi gjer til det vitskapelege samfunnet, seier Andrew Hamilton, direktør for NASAs ballongprogram i pressemeldinga.

Les også Værvarslingen nedringt på grunn av mystisk ballong

Forskningsballong