Hopp til innhold

Her er Avinor sitt våpen i kampen mot ulovlege dronar

I fjor avslørte Avinor 1450 ulovlege droneflygingar ved norske flyplassar. Men dei vil helst ikkje snakke om overvakingssystemet som gjer at dei tar lovbrytarane på fersken.

Dronejeger på Gardermoen framfor mange skjermar som overvakar dronetrafikken ved flyplassar over heile landet.

Ein av Avinor sine dronejegerar sit framfor ei rekkje skjermar som viser droneaktivitet ved norske flyplassar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Framfor eit lite hav av skjermar, litt vekkgøymd på Oslo Lufthamn, sit ein av Avinor sine nye dronejegerar.

Sigurd Einar Aron Haugrud Rognan følgjer nøye med på det som skjer framfor han.

– Viss vi observerer ein uautorisert drone innanfor flyforbodssona, så er første handling å varsle tårnet på flyplassen, seier Rognan.

Dronejeger Sigurd Einar Aron Haugrud Rognan ved Avinor sitt overvakingssenter på Gardermoen

Dronejeger Sigurd Einar Aron Haugrud Rognan ved Avinor sitt overvakingssenter på Gardermoen følgjer med på droneaktiviteten ved norske flyplassar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Og dersom dronane er nærme flyplassen, så ringjer dei rett til politiet slik at dei kan rykke ut og pågripe vedkomande.

For Avinor sitt nyeste system fangar opp dronar lettare og raskare enn det som før har vore mogleg.

Lettare å ta dronar på fersken

Og det var akkurat det som skjedde med ein drone som ligg inne hos politiet i Møre og Romsdal sitt beslagsrom.

Beslaglagt drone hos politiet i Møre og Romsdal.

Stabssjef hos politiet i Møre og Romsdal, Thorry Aakenes, viser fram ei drone dei har tatt etter ulovleg flyging

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Piloten flaug for nært ein flyplass utan å først be om løyve frå tårnet. No ventar ei bot på 12 000 kroner, og kanskje får dronen aldri flyge meir.

Det er jo ein jurist som skal ta ei vurdering på det, men no er jo den tatt i beslag, og så vil jo det bli vurdert om den skal destruerast, altså inndragast for alltid, seier stabssjef Thorry Aakenes.

Ordknapp om nytt system

På Gardermoen, 60 mil unna beslagsrommet i Møre og Romsdal, sit dei som oppdaga dronen.

Men droneansvarleg ved Airport Operations Centre, Roar Svenkerud er lite villig til å snakke om systemet.

Vi kan ikkje dele så veldig mykje om det, det kan vi ikkje gjere.

Droneansvarleg ved Airport Operations Centre, Roar Svenkerud, står inne i overvakingsrommet på Gardermoen.

Droneansvarleg ved Airport Operations Centre, Roar Svenkerud, står inne i overvakingsrommet på Gardermoen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Først ute var Oslo Lufthamn. Dei tok i bruk systemet i februar 2022. No har fleire flyplassar rundt om i landet blitt kopla på systemet, men kva flyplassar som har fått systemet installert, det vil Svenkerud halde hemmeleg.

Det finst der ute, det er klart. Vi sit og overvakar det.

Viktig å kunne regelverket

Det summar frå ein drone som er på veg opp i lufta ved flyplassen i Kristiansund. Med fjernkontrollen i handa kan Per Kvalvik trygt manøvrere den vesle farkosten dit han vil.

For som profesjonell dronepilot, så ber han først det lokale flytårnet om lov til å sende dronen opp.

Per Kvalvik er profesjonell dronepilot og gjer seg klar for å sende opp drona ved Kvernberget i Kristiansund.

Per Kvalvik er profesjonell dronefotograf og følgjer reglane. Her er han i ferd med å kontakte tårnet på Kristiansund lufthamn for å varsle om droneflyging.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

No søkjer eg om å fly ved hjelp av appen som heiter Ninox Drone, seier han medan han fyller inn nødvendige opplysningar.

Det finst over ein halv million dronar i Noreg, og mange eigd av folk som ikkje følgjer regelverket.

Dei som flyr ulovleg, dei må vi få bukt med, seier Svenkerud på overvakingssenteret til Avinor.

Dronar kan vere farlege for fly

I fjor registrerte Avinor sine dronejegerar 1450 ulovlege droneflygingar ved norske flyplassar.

Og dei små dronane blir lett ein trussel for store fly.

Nærbilde av drone

Drone som blir brukt av den profesjonelle dronepiloten Per Kvalvik. Han er påpasseleg med å varsle nærliggande flyplass på førehand.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Når ein drone blir oppdaga innanfor forbodssona kan det føre til store forseinkingar i flytrafikken, nokre gonger må rullebaner stengast heilt.

Svenkerud seier at den verste konsekvensen er om dronane treff fly.

Difor er det laga ei tryggleikssone på fem kilometer rundt alle flyplassane, og det er heller ikkje lov til å flyge høgare enn 120 meter over bakken.

– Vi har oppdaga dronar som har vore 3–4000 meter opp i lufta, seier Svenkerud. Der er det anna flytrafikk som ferdast.

Les også Politiets droner hjelper i brannslukkingsarbeid og finner savnede barn

Øverbygd leteaksjon politi

Dronar må vike

Ved Kristiansund lufthavn er den profesjonelle dronepiloten Per Kvalvik på veg ned med dronen sin.

– Eg fekk melding frå kontrolltårnet: Land no! Uventa trafikk er på veg inn, fortel han.

Og akkurat slik er det Avinor ønskjer at alle skal gjere.

Dronepilot Per Kvalvik i Kristiansund tar ned drona si etter å ha blitt varsla av flyplasstårnet om at det kjem inn uventa fly.

Dronepilot Per Kvalvik i Kristiansund tar ned dronen si etter å ha blitt varsla av flyplasstårnet om at det kjem inn uventa fly.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Svenkerud seier dei ser stor forskjell på dei proffe dronepilotane og dei som driv på hobbybasis når det gjeld å følgje reglane.

– Vi ser at ein del hobbypilotar truleg er uvitande, og nokre få som berre gir blaffen seier Svenkerud.

Uansett får det konsekvensar. Blir du tatt ventar bøter og inndraging av utstyr. Utlendingar kan bli sendt ut av landet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL