Hopp til innhold

Nordøyvegen vert ikkje godkjent

Dei tre undersjøiske tunnelane i Nordøyvegen vert ikkje godkjent av Vegdirektoratet. Tunnelane er for bratte.

Nordøyvegen

Dei tre tunnelane i Nordøyveg-prosjektet har for bratt stigning og Vegdirektoratet gir dermed avslag på å sikkerheitsgodkjenne tunnelane.

Foto: NRK

Nordøyvegen skal gi fast vegsamband til 2900 menneske i Haram og Sandøy. Prosjektet ert kostnadsrekna til 3,3 milliardar kroner og håpet har vore å få saka gjennom Stortinget før sommaren. I dag kom nyhenda om at Vegdirektoratet ikkje godkjenner dei tre tunnelane og dermed kan ikkje Nordøyvegprosjektet byggast slik det er planlagt i dag.

– Tunnelane kan ikkje vere så bratt. Ein må sjå nærare på reguleringsplanar og anna planarbeid. Det vil gi eit anna prosjekt som vil ta tid å gjennomføre, seier Arild Fuglseth, som er samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han seier det er dramatisk for Nordøyvegen.

Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune

Arild Fuglseth er samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Fare for brann

Ifylgje dei nye forskriftene frå 2015 skal det ikkje vere meir enn fem prosent stigning på undersjøiske tunnelar. Grunnen er at bratte tunnelar gir større fare for tekniske vanskar hos større køyretøy og er hovudårsaka til tunnelbrannar.

Bygdefolket har håpa at første spadetak kunne setjast i jorda snart, men det må dei vente på.

– Første spadetak kjem i alle fall seinare enn det ein kunne håpe, seier Fuglseth.

LES OGSÅ:

Overraska over vedtaket

Bjørn Sandnes

Bjørn Sandnes er styreleiar i Nordøyvegen. Han er overraska over avslaget frå Vegdirektoratet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Styreleiar i Nordøyvegen, Bjørn Sandnes, seier at dei i alle år har vore klar over at tunnelane har hatt ei brattare stigning enn dagens standard, men at dei har fått ein dispensasjon.

– Det som dukka opp i dag kom overraskande på meg. Vi trudde dette var avklart for lenge sidan, seier Sandnes.

Liten trafikk

Dersom dei må starte med planlegging av nye tunnelar, meiner styreleiaren at det er dramatisk for prosjektet. Det vi føre til auka kostnader.

– Det er korte strekk opp og ned frå tunnelane og trafikkbelastninga er ikkje så stor. Spørsmålet er om det er moglegheit til å gjere vurderingar i forhold til det, seier Sandnes.