Hopp til innhold

Har venta sidan 80-talet: Gigantisk vegprosjekt på Vestlandet kan ryke etter milliardsprekk

2700 innbyggjarar trudde over 30 års venting på eit fastlandssamband var over. No kan milliardprosjektet bli stoppa, over eitt år etter det første spadestikket.

Nordøyvegen

FASTLANDSSAMBAND: Målet med Nordøyvegen er å gi fast vegsamband mellom Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta og Harøya. Dette er Møre og Romsdals største investering nokon gong – om det blir realisert.

Foto: NRK

Prosjektet har nemleg blitt så dyrt at Møre og Romsdal må kutte enormt på andre område om det skal realiserast. Og det anbefaler ikkje fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Ottar Brage Guttelvik

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Bygging av Nordøyvegen betyr nesten full investeringsstopp, kanskje i 10–12 år, og det blir kutt i administrasjonen, skule, samferdsel og kultur, seier Guttelvik til NRK etter ein pressekonferanse måndag.

Fylkesadministrasjonen foreslår at ein skal avlyse anbodskonkurransen om Nordøyvegen – Møre og Romsdal fylke si største investering nokon gong – som inkluderer både tunnelar, bruer, vegar og sjøfyllingar.

240 millionar kroner er allereie brukt på Nordøyvegen, som skal gi fastlandssamband til 2700 innbyggjarar i kommunane Haram og Sandøy.

Første spadestikk Nordøyvegen

OVER EITT ÅR SIDAN: Gleda var stor då det første spadestikket vart tatt i september 2017. Hundrevis møtte opp på Skjelten i Haram. No kan prosjektet bli stoppa.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

5,6 milliardar

Fastlandssambandet som etter planen skulle koste 3,8 milliardar kroner, vil ifølgje utrekningar frå fylkeskommunen kome opp i 5,6 milliardar kroner.

Tone Hellebust Fjørtoft

Innbyggjar Tone Hellebust Fjørtoft.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det vil vere katastrofalt for økonomien til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Men dei som bur på øyane og tek ferje i dag meiner prosjektet ikkje kan skrinleggast.

Dette synest eg er dumt. Tenk alle pengane som er brukt på prosjektet allereie. Og arbeidet med sambandet er jo allereie i gang, seier Tone Hellebust Fjørtoft.

– Dette er noko stort tull. Det som fylkesrådmannen legg fram no kunne han ha gjort for lenge sidan, supplerer Pauline Aksnes.

Tunnelinnslag på Harøya

I GANG: Sjølv om vegprosjektet ser ut til å sprekke med fleire milliardar er arbeidet med Nordøyvegen allereie starta opp. Her ser vi eit tunnelinnslag på Harøya.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Venta sidan 80-talet

Planane om bru i staden for ferje mellom to av øyane kom allereie på 60-talet. I 1987 vart selskapet Nordøyvegen stifta. Fleire har bygd hus og stifta familiar på øyane i sikkerheit om at fastlandssambandet ein vakker dag ville kome.

No kan altså prosjektet bli skrinlagt. Tala til fylkesrådmann Guttelvik viser ein meirkostnad på 109 millionar kroner kvart år dei ti første åra etter opning av vegen. Guttelvik vil no greie ut prosjektet på nytt.

Portrett av mann

Fylkesordførar Jon Aasen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Fylkeskommunen har samtidig lagt fram konkrete forslag til kva som må kuttast om Nordøyvegen likevel skal bli bygd.

Til dømes blir planane om ein stor idrettsarena utsett i minst ti år. Fleire vidaregåande skular blir ikkje utbetra. Ei rekkje bruer og vegar blir droppa. Det same blir ein tannklinikk.

– Vi kan ikkje bruke alle pengane våre i 10 år på eitt prosjekt, seier fylkesordførar Jon Aasen (Ap), men legg til at han ikkje vil forskottere kva enden på denne visa blir.

– Samfunnsmessig betydning

Styreleiar i Nordøyvegen, Bjørn Sandnes, meiner på si side at utgreiinga til fylkeskommunen har manglar.

Bjørn Sandnes

Styreleiar Bjørn Sandnes.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Den samfunnsmessige betydninga av vegen blir ikkje lagt vekt på. Vegen betyr mykje for næringslivet, innbyggjarane og kommunane, seier Sandnes.

Han vil ha fart på saka og fryktar ein ny runde med utgreiingar berre gjer Nordøyvegen endå dyrare.

I desember skal fylkestinget ta endeleg stilling til om Nordøyvegen blir bygd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL