Hopp til innhold

Fryktar at vegprosjekt til 3,8 milliardar vert skrinlagt

HARAMSØY/LONGVA (NRK): Milliardprosjektet Nordøyvegen står i fare for å havarere. – Det verste er om tunnelinnslaga berre blir tetta att, seier Eli Karin Dybvik.

Eli Karin Dybvik og Perny Fugledal

På Longva, der Eli Karin Dyvik og Perny Fugledal går tur, er anleggsmaskinene i full gang med å gjere ferdig forarbeidet til Nordøyvegen. Til hausten skulle bygginga av undersjøiske tunnelar starte. No er det usikkert kva som skjer.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

På dei idylliske øyane i Haram og Sandøy utanfor Ålesund er det sprengt store groper der tunnelene skal kome. Langs vegen ligg det store mengder med stein. Hittil er det brukt 240 millionar kroner for å gjere klart til bygginga av fastlandssambandet til hausten. Det einaste som manglar er ein plan for å betale for gildet. For få dagar sidan vart det kjent at prisen blir over 800 millionar kroner meir enn det politikarane har vedteke.

– Vi må ha Nordøyvegen. Visst bygginga stoppar veit eg ikkje kva vi gjer, seier Eli Karin Dybvik, som nektar å gi opp håpet.

Eli Karin Dybvik

Eli Karin Dybvik meiner øysamfunnet er heilt avhengig av å få fastlandssambandet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Pressa marknad

Marianne Nærø er prosjektleiar i Nordøyvegen og har ikkje eit svar på kvifor byggekostnadene blir så mykje høgare enn rekna med. Det var fire entreprenørar som leverte tilbod, og alle låg langt over budsjettet.

– Vi vart overraska. No skal vi kontrollrekne tala, seier Nærø.

Morten Welde ved NTNU har forska på kostnadssprekker i samferdselsprosjekt. Han meiner Statens vegvesen har blitt svært dyktig på å estimere kostnader, og grunnen til sprekken for Nordøyvegen kan vere den pressa marknaden i bygg- og anleggsbransjen.

– Det fører til høgare prisar, seier Welde. Han trur anleggsbransjen har så mange store oppdrag rundt om i landet at det er vanskeleg å få tak i maskiner og arbeidskraft.

Welde meiner løysinga kan vere å utsette Nordøyvegen.

Morten Welde

Morten Welde, forskar ved NTNU, seier at det er sjeldan ein opplever slike kostnadssprekker i samferdsleprosjekt.

Foto: NRK

Drama og hindringar

Nordøyvegen har vore planlagt sidan 80-talet og har møtt uendeleg mange hindringar på vegen. Politikarane har vore usamde om prosjektet løner seg økonomisk og det har ikkje mangla på åtvaringar. I 2016 gjorde fylkespolitikarane vedtak om bygging, men så tok saka ei ny dramatisk vending. Dei undersjøiske tunnelane var for bratte, og Vegdirektoratet kunne ikkje godkjenne dei. Dermed måtte planleggarane tilbake til teiknebordet og føye på 100 nye millionar kroner på budsjettet

Nordøyvegen

Fastlandssambandet var kostnadsrekna til 3,8 milliarder kroner, men vert vesentleg dyrare.

Foto: NRK

Har bomma på reknestykket

I småbåthamna er Geir Håkon Austnes på dugnad. Han er ikkje overraska over kostnadsauken.

– Nokon som er meister i å rekne må ha bomma, seier Austnes. For han personleg går det fint at fastlandssambandet ikkje vert bygt, men han meiner øysamfunnet er avhengig av det. Frykta er at dei unge ikkje vil bu ein plass der dei er avhengig av ferje i all slags ver.

Geir Håkon Austnes på småbåthamna på Haramsøy

Geir Håkon Austnes trur nokon har rekna feil når budsjettet til Nordøyvegen vart laga.

Fryktar stans

Skjebnen til Nordøyvegen vert avgjort i fylkestinget til hausten. Då skal politikarane avgjere om dei klarer å finansiere prosjektet eller om dei må skrinlegge det.

Frykta til bygdefolket er at bygginga vert stansa, men det tør dei ikkje tenke på.

– Det verste er om tunnelinnslaga berre blir gravne igjen, seier Eli Karin Dybvik.

Det ligg store haugar med stein ved Haram kyrkje

Ved kyrkja på Haramsøya ligg det store spor etter anleggsarbeidet på Nordøyvegen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK