Hopp til innhold
Mann død etter knivstikking i Ålesund
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Drap Molovegen

Oppsummert

Ein 30 år gammal mann er tiltalt for drap etter ein alvorleg valdsepisode i Ålesund sentrum måndag 26.02.18. Ein mann i 20-åra døde av valden. Saka startar i Sunnmøre tingrett måndag 1. oktober.

  • Drapsdømd trekkjer anke

    Mannen som blei dømd etter knivdrapet på Robin Andre Svendsen (29) i Ålesund i fjor vår, har trekt anken. Mannen blei dømd i tingretten i haust, og anka på staden, men har altså no trekt anken. Dommen på 12 1/2 års fengsel blir dermed ståande. Ankesaka skulle etter planen starte neste veke.

  • Dømt for vald

    Ein mann frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 90 dagar for ein rekke lovbrot. Mannen i 20-åra blir mellom anna dømt for bruk og oppbevaring av narkotika og for å ha slått og sparka ein mann gjentatte gonger i ansiktet og kroppen. Mannen blei også dømt oppbevaring av kniv og for ei valdsepisode som skjedde i forkant av drapet i Molovegen i Ålesund i februar i år. 45 av dei 90 dagane blei sett til fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år. Sunnmøringen er også tidlegare domfelt fleire gonger.

  • Anka på staden

    Mannen som er dømt til 12 år og seks månader i fengsel for drapet i Ålesund i februar valde å anke på staden. Reidar Andresen, som representerte mannen i tingretten sist veke, var ikkje til stades under domsforkynninga i dag.

  • Forsvarar vil ha straffa til 6 år

    Forsvarar Reidar Andresen går inn for at mannen som er tiltalt for knivstikking i Ålesund 26. februar bør dømast til 6 år i fengsel. Andresen bed retten om å bruke paragrafane for kroppsskading som fører til død i staden for paragrafen om drap.

    – Dersom retten vel å døme tiltalte for drap tiltalte dømast til ei straff på 11 til 12 år, sa forsvarar Reidar Andresen i prosedyren.

Politiet i Ålesund gjennomførte tysdag ettermiddag ei pressekonferanse om drapet i Molovegen. Ein mann i 20-åra omkom etter å ha blitt stukke med kniv måndag.
Pressekonferanse om drapsetterforskningen i Ålesund

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL