Hopp til innhold

12 år og seks månader for knivdrap i Ålesund

Ein mann på 30 år frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 12 år og seks månader for å ha drepe Robin André Svendsen (29) frå Romsdal i februar i år.

Blomster på åstedet, Molovegen

HER SKJEDDE DRAPET: Det var i Molovegen i Ålesund at 29 år gamle Robin André Svendsen blei knivstukken i februar i år.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Det kom fram i Sunnmøre tingrett fredag føremiddag. Mannen må også betale 466.060 kroner i erstatning til pårørande.

Drapet skjedde i Molovegen i Ålesund.

Mette Ekroll Nyland

I TINGRETTEN FØRSTE VEKE I OKTOBER: Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland og aktor, statsadvokat Jogeir Nogva.

Foto: Remi Sagen / NRK

Retten finn det ikkje tvilsamt at den tiltala mannen handla med forsett då han knivstakk den fornærma, og at dette var årsaka til at mannen døde. Retten er heller ikkje i tvil om at han var tilrekneleg.

– Eg er tilfreds med at han er dømt for forsettleg drap. Straffeutmålinga er litt lågare enn det var påstand om, så det blir eit spørsmål påtalemakta må vurdere, seier aktor Jogeir Nogva til NRK etter at dommen blei avsagt.

Også bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland meinte det var riktig at mannen blei dømt i samsvar med tiltalen.

– Det var viktig for dei pårørande at ansvar blei plassert og at den domfelte blei dømt for drapet, seier ho.

– Kroppsskading, ikkje drap

Etter behandlinga av saka i Sunnmøre tingrett sist veke la aktor ned påstand om 14 år i fengsel.

– Dette er alvorleg vald med brutalt farepotensial, og eg var nær ved å legge ned påstand om 15 år, sa Nogva.

Forsvararen til den tiltalte, Reidar Andresen, meiner klienten hans må frifinnast for drap og heller dømmast for kroppsskading med døden til følgje.

– Tiltalte har også medverka til å kaste lys over saka. Fengsel i seks år er dermed høveleg, sa Andresen i tingretten sist veke.

Reidar Andresen

FORSVARAR: Advokat Reidar Andresen forsvarte den tiltalte i drapssaka i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var derimot ikkje Jogeir Nogva einig i.

– Det er ikkje tvil om at tiltalte stakk Svendsen med kniv slik at han døde. Det er rett gjerningsmann og det er samanheng mellom stikket og dødsfallet. Og tiltalte forstod at handlinga kunne føre til døden, sa Nogva i tingretten.

Drepen utanfor hotell

Robin André Svendsen frå Fræna i Romsdal var på besøk i Ålesund den dagen han vart drepen.

Om ettermiddagen måndag 26. februar vart Svendsen knivstukken og drepen like utanfor inngangen til Scandic Hotell i Molovegen i Ålesund.

To grupperingar med unge menn med rusbakgrunn ville ta eit oppgjer i ein årelang konflikt som handla om pengar, knivrisping og bildedeling. Tiltalte var utrusta med kniv.

Ved 16.40-tida 26. februar hadde konflikten eskalert med munnhoggeri, spytting og tilløp til slagsmål. Det heile enda med at Robin André Svendsen vart knivstukken og døde.

Ålesund 20180226.

Dette er personane i saka. Dei to 23-åringane var i ein langvarig konflikt. Tiltalte stakk Robin André Svendsen. Svendsen var ven av ein av hjelparane som blei tilkalla i samband med eit møte mellom dei som var i konflikt med kvarandre. (Sjå faktaboks).

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Politiet var raskt på staden og det vart sett i gang ei omfattande politietterforsking. Fleire av bevisa i saka, deriblant kniven, vart funnen i botnen av Brosundet i Ålesund. Dramaet blei fanga opp av ei rekkje overvakingskamera.

Anka på staden

I dommen blir det lagt vekt på kniven si utforming. Det var tydeleg at dette var ein kniv som kunne gjere stor skade.

Retten meiner at det ikkje er snakk om ei impulshandling, men at knivstikka var målretta. Kniven vart ikkje nytta til å true, men til å stikke, ifølgje retten.

Drapsvåpenet Molovegen

DRAPSVÅPENET: Dette er kniven som vart nytta under knivstikkinga. Knivbladet er på 15,3 centimeter og den totale lengda er på 26,7 centimeter.

Foto: Remi Sagen / NRK

Drapsmannen var lettare eller moderat rusa då drapet skjedde. Men det har ikkje påverka han under handlinga, meiner retten.

Retten tok utgangspunkt i at eit slikt drap har ei strafferamme på 12 år. Men det vart også tatt omsyn til at mannen fleire gonger tidlegare er dømt for vald.

Fleire av episodane har vore alvorlege. Retten meinte derfor at 13 år i fengsel var ei rett straff. Men han får ein liten strafferabatt grunna erkjenninga av straff.

Den domfelte anka på staden.

NB. Øyvind Brandal representerte den tiltalte i retten, men viser vidare til Reidar Andresen for kommentarar. NRK har så langt ikkje lukkast i å nå Andresen.