NRK Meny
Normal

– Dette er vald og tortur sett i system. Politiet fryktar fleire drap

ÅLESUND (NRK): Både folk i det kriminelle miljøet og politiet åtvarar mot styggare vald og meir våpen etter drapet på opa gate i Ålesund måndag. – Folk som opparbeidar seg narkogjeld blir truga på livet, seier ein tidlegare kriminell til NRK.

Tore Hovstein

Tore Hovstein er leiar i avdelinga i Møre og Romsdal politidistrikt som etterforskar organisert kriminalitet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Drapsepisode Ålesund

Måndag blei ein mann knivdrepen på Brunholmen i Ålesund. Utgangspunktet for drapshandlinga var ein krangel om pengar for narkotika. Ein mann (29) er sikta for drap og ein annan mann (22) er sikta for kroppskrenking.

Foto: Remi Sagen / NRK

NRK møter den tidlegare kriminelle mannen i Ålesund. Sjølv har han drive med rusmiddel og lovbrot sidan konfirmasjonsalderen. Det kriminelle livet er imidlertid eit tilbakelagt kapittel, hevdar han overfor NRK.

Han teiknar ei bilete av eit stort og omfattande narkotikamiljø i Ålesund, der amfetamin er det dominerande stoffet. Svært mange har fleirfaldige titals tusen kroner i narkogjeld. Kanskje endå meir. Bak lurer truslar og vald.

Anonymisert bilde - krimsak Ålesund

Den tidlegare kriminelle mannen ønskjer å vere anonym. NRK møtte han ein stad i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

– Miljøet har hardna til dei seinare åra. Dei yngre har kanskje sett for mykje på amerikanske filmar. Våpen av forskjellige slag har blitt viktige for dei. Då snakkar eg både om knivar og skytevåpen, seier han.

– Tortur

Politiet stadfester skildringa av eit hardt miljø med harde konfrontasjonar når narkogjeld skal krevjast inn.

– Det er heilt tilfeldig at det ikkje har endt i drap fleire gongar. Dette er vald sett i system, det er tortur for å krevje inn pengar, seier Tore Hovstein, fungerande leiar i avdelinga i Møre og Romsdal politidistrikt som etterforskar organisert kriminalitet.

– Utlendingar står bak

Politiet meiner at det står utanlandske kriminelle bak mykje av narkotikaomsetninga i området.

– Dei har funne ein marknad her og dei etablerte seg her for mange år sidan, seier Hovstein.

Ifølgje politiet står dette miljøet bak innførselen av store mengder narkotika. Dei brukar lokale underseljarar for å få stoffet ut til brukarane.

– Dei utanlandske bakmennene gjer alt dei kan for å få inn pengane sine. Vald er ein del av verksemda og det forplantar seg nedover i kjeda. Det er kynisk frå topp til botn, seier Hovstein.

Han stadfestar også at det er vanskeleg å få tak i bakmennene.

Observert av fleire

Kremmergården i Ålesund

Her på Kremmergaarden møttest den sikta mannen og mannen som skulda pengar i forkant av drapet på Brunholmen i Ålesund måndag. Det var i nærleiken her at også den tidlegare kriminelle møtte mannen som no er sikta.

Foto: Terje Reite / NRK

Eit møte mellom den sikta 29-åringen og 22-åringen, som i følgje fleire kjelder var den som truleg skulda pengar til ein av dei andre involverte, blei observert av fleire som ofte oppheld seg på kjøpesenteret Kremmergården i perioden før drapet.

– Då eg såg tjueniåringen tenkte eg: «Deg er det lenge sidan eg har sett her». Men det er ubegripeleg at han skulle hamne i trøbbel like etter, seier ein mann som arbeider på kjøpesenteret til NRK.

NRK har også snakka med vektarar i Ålesund. Dei seier at den sikta er godt kjend i miljøet.

– Vi har lært oss å ikkje provosere han, men heller godsnakke med han, seier vektar Even Nygård til NRK.

Even Nygård

Even Nygård sitt vektarselskap held vakt ved fleire eigedomar i Ålesund.

Foto: Terje Reite / NRK

– Blir brukte som «bodyguard»

Den tidlegare kriminelle stadfester at den sikta har vore brukt som «bodyguard» ved fleire høve.

– Han seier sjeldan nei til å stille opp for ein kompis. Og det er ikkje uvanleg at ein stiller med ein «bodyguard» når kjøpar og seljar skal møte kvarandre for å gjere opp ein handel. Det mest vanlege er likevel helst å leige inn nokon andre til å krevje inn pengane.

– Folk kan bli grisebanka. Og det blir brukt våpen. Ofte er frykta så stor at ein god torpedo ikkje treng å løfte ein finger for å få inn gjelda, seier den tidlegare kriminelle.

Ifølgje TV2 var 20.000 kroner bakgrunnen for krangelen som enda med drap. Summen er ikkje stadfesta av politiet. Dette skal vere ein forholdsvis liten sum om ein snakkar om narkotikagjeld. Det er imidlertid nok til å halde ein som skuldar pengar «i saksa».

– Den som har narkogjeld må skaffe pengar på eit eller anna vis. Då er det vanleg at den som står i gjeld blir påtvinga store mengder stoff med krav om å selje dette til god forteneste. Dette er ein måte både å skaffe pengar på og å få distribuert endå meir narkotika.

Denne metoden skal, ifølgje mannen NRK snakkar med, vere vanleg i kombinasjon med truslar og direkte, fysisk vald.

– Og om den du skuldar pengar til er i dårleg humør kan renta på gjelda bli sett kraftig opp. Den du har kjøpt narkotikaen av kan også plutseleg berre bestemme seg for å tredoble gjelda, seier han.

– Interne oppgjer

Både politiet, hjelpeapparatet og vektartenestene omtalar ofte narkotikamiljøa som lukka der folk legg vekt på å ikkje skape merksemd. Det meste går føre seg i det skjulte.

– Det er som celler som ikkje har så mykje med kvarandre å gjere. Mange er grupperte etter stofftype. Dei som går på amfetamin har ofte sine miljø og dei som brukar kokain har ofte sine eigne, seier den tidlegare kriminelle til NRK.

– Hasj er ofte vegen inn

Sjølv kom han inn i narkotikamiljøet i svært ung alder. Han har ei klar oppmoding til andre unge.

– Det farlegaste ein ungdom kan gjere er å byrje med hasj. Stoffet i seg sjølv er ein ting. Men i tillegg kjem ein inn i eit farleg miljø gjennom hasjen. Dette er svært ofte inngangsporten. Det er her rekrutteringa startar. Det kan verke ufarleg til å byrje med. Frå dette punktet er det kort veg til miljøet som er prega av truslar og livsfarleg vald, seier han.