– Det er ikkje tvil om at tiltalte stakk Svendsen med kniv slik at han døde. Det er riktig gjerningsmann og det er samanheng mellom stikket og dødsfallet. Og tiltalte skjønte at handlinga kunne føre til døden, sa aktor Jogeir Nogva i Sunnmøre tingrett onsdag.
Midt i ettermiddagsrushen måndag 26. februar blei Robin André Svendsen(29) frå Fræna knivstukken og drepen like utanfor inngangen til Scandic Hotell i Molovegen i Ålesund. To grupperingar med unge menn med rusbakgrunn ville ta eit oppgjer i ein årelang konflikt som handla om pengar, knivrisping og bildedeling. Tiltalte var utrusta med kniv.
– Dette var eit potensielt drapsvåpen, sa Nogva.
– Kroppsskading – ikkje drap
Forsvarar Reidar Andresen kravde at tiltalte måtte frifinnast frå drapstiltalen og heller dømast for kroppsskading med dødsfølge.
– Tiltalte har også medverka til å kaste lys over saka. Fengsel i 6 år er dermed høveleg, sa Andresen.
– Ikkje ein del av konflikten
Robin André Svendsen var på besøk i Ålesund den dagen han blei drepen. Av chatloggen frå Facebooks messenger går det fram at han ikkje visste kva som skulle skje seinare på dagen.
– Robin var ikkje ein del av konflikten. Han var berre på besøk hos ein ven i Ålesund, seier bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland.
– Hadde ei rolle
Forsvarar Reidar Andresen er usamd med aktor i vurderinga av rolla Svendsen spelte. Svendsen var blitt orientert om konflikten under vegs til sentrum av Ålesund.
– Han var «backup», og skulle støtte ein av dei som var i konflikt og ein ven som forsøkte å mekle, sa Andresen.
Langvarig konflikt
Oppspelet til knivdrapet er grundig dokumentert gjennom chatloggar, spor frå basestasjonar i mobilnettet og overvakingskamera.
Måndag 26. februar starta med ein hissig kommunikasjon mellom to som var i konflikt med kvarandre. På kvar si side samla dei hjelparar til møtet seinare på dagen. Tiltalte var hjelpar til mannen som kravde pengar. Robin André Svendsen var ven med mannen som blei tilkalla av den andre parten.
Det heile botna i ein årelang konflikt. Det handla om hemn over eit bilete der den eine personen var rispa med kniv.
– Dette biletet skapte eit djupt sinne hos motparten min, sa han som blei avkrevd pengar.
Stakk med kniv
Like før partane møttes blei tiltalte utrusta med kniv. Ved 16.40-tida 26.februar hadde konflikten eskalert med munnhoggeri, spytting og tilløp til slagsmål. Det heile endte med at Robin André Svendsen blei knivstukken og døde. Politiet var raskt på staden og det blei sett i gang ei omfattande politietterforsking. Fleire av bevisa i saka, deriblant kniven, blei funnen i botnen av Brosundet i Ålesund. Dramaet blei fanga opp av ei rekkje overvakingskamera.
– Skjedde på impuls
Forsvarar Reidar Andresen sa i si prosedyre at tiltalte ikkje forstod at Svendsen var død før mange timar etter hendinga.
– Dei skulle snakke saman, men det blei ein krangel. Så blei det ein fysisk konfrontasjon. Og då skjedde det som ikkje skulle skje, sa Andresen.
Dom i saka fell 12. oktober.