Hopp til innhold
Norges lover
Foto: Berit Roald / SCANPIX

Tiltalar og dommar Møre og Romsdal

  • Framleis varetekt for vold, ran og truslar

    Ein mann i 40-åra og ein mann i 20-åra som er dømt til fengsel i henholdsvis tre år og fire månader og tre år og to månader for grov vold, ran og truslar mot ei kvinne, må sitte i varetekt i fire nye veker. Det har Møre og Romsdal tingrett bestemt.

    Saman med ein anna mann stripsa dei fast ei kvinne, skaut på henne med gasspistol, heldt ein kniv mot strupen hennar og trua henne på livet på Nordmøre tidlegare i år.

    Grunnen skal vere at dei ville ha tak i bankkort, kontantar og ti gram heroin.

    Dei to mennene har anka saka til Høgsterett. Retten meiner det er sannsynleg at dei vil gjere nye alvorlege lovbrot viss dei blir sleppt fri. Varetektsfengslinga er derfor forlenga til 31. oktober.

  • Tiltalt for overgrep – i dag startar rettssaka

    I dag starter rettssaka mot ein mann i slutten av 20-åra som er tiltalt for eit seksuelt overgrep ved Moldebadet tidlegare i år.

    Mannen er tiltalt for seksuell omgang med ei tenåringsjente under 16 år. Overgrepet skal ha skjedd i mars i år og skal ifølge tiltalen ha skjedd med makt og mot jenta si vilje.

    Det er sett av to dagar til saka i Møre og Romsdal tingrett.

  • Tiltalt for overgrepsmateriale

    I dag startar rettssaka mot ein mann i 50-åra frå Sunnmøre som er tiltalt for å ha oppbevart over 135.000 bilde og 3300 videoar som viste overgrep mot barn eller som seksualiserte barn. Desse oppbevarte han på ein harddisk og mobilen sin.

    Ifølge tiltalen hadde han også to silikonfigurar som var forma som underlivet til barn.

    Han skal også ha vore med på å dele bilde som viser overgrep mot barn. Det er sett av ein dag til saka.

  • Mann i 60-åra tiltalt

    Ein mann i 60-åra frå Sunnmøre er tiltalt for å ha prøvd å påverke ein aktør i ei straffesak. Ifølge tiltalen frå Møre og Romsdal tingrett skal han ha oppsøkt ein annan mann og sagt at han skulle få tilbake 4000 kroner, som han hadde betalt for ein brannstige, mot at mannen trakk ei politimelding for bedrageri. Han betalte så mannen 4200 kroner, der 200 kroner var rentetap.