Hopp til innhold

Dømt for vald

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 90 dagar for ein rekke lovbrot. Mannen i 20-åra blir mellom anna dømt for bruk og oppbevaring av narkotika og for å ha slått og sparka ein mann gjentatte gonger i ansiktet og kroppen. Mannen blei også dømt oppbevaring av kniv og for ei valdsepisode som skjedde i forkant av drapet i Molovegen i Ålesund i februar i år. 45 av dei 90 dagane blei sett til fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år. Sunnmøringen er også tidlegare domfelt fleire gonger.