Hopp til innhold

Ny person sikta i samband med drap i Ålesund

Politiet bekreftar at dei har sikta ein person for kroppskrenking i samband med ein konfrontasjon like i forkant av drapet i Molovegen i Ålesund.

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad seier at ein ny person er sikta i samband med ei drapssak på Sunnmøre.

Foto: Ingrid Telset Heltne / NRK

– Han har vore til avhøyr i dag, men er ikkje framstilt for fengsling, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad til NRK.

Advokaten til mannen, Lone Klokkersund, seier til NRK at ho har hatt eit kort møte med sin klient tysdag, men at ho ikkje ønskjer å kommentere saka utover det.

Frå før av er ein mann i slutten av 20-åra arrestert og sikta for forsettleg drap.

Konfrontasjon mellom fleire

Det var Robin Andre Svendsen (29) frå Fræna i Romsdal som måndag døydde etter ein valdsepisode på open gate i Ålesund. På ein pressekonferanse tysdag ettermiddag fortalde politiet at dei har sikra seg overvakingsbilete frå åstaden. Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad vil ikkje kommentere om dei har opptak av sjølve drapet, men seier at dei har bilete frå delar av hendinga.

Scandic Ålesund, Drapsepisode i Ålesund

Drapet skjedde like ved eit hotell i Ålesund sentrum.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet har sidan måndag gjennomført eit omfattande etterforskingsarbeid for å finne ut kva som har skjedd. Ifølgje politiet var det ein konfrontasjon mellom fleire personar like i forkant av drapet.

– Dette var personar som avdøde og drapssikta var saman med. Men det er ingenting som tyder på at det var ei forutliggande konflikt mellom den drapssikta og avdøde, seier Ferstad.

Alle dei involverte skal vere menn i 20-åra og konflikten skal ha hatt sitt utspring i narkotikamiljøet. Ifølgje TV2 skal konflikten ha blitt utløyst av ei usemje over 20.000 kroner. Ferstad kan verken bekrefte eller avkrefte dette ovanfor NRK.

Les alt om saka her:

– Følte seg trua

Måndag gjorde politiet eit funn av ein kniv i Brosundet i Ålesund som dei meiner er drapsvåpenet. Tysdag gjorde dei nye søk i sjøen i nærleiken av åstaden og fann då ein mobiltelefon som dei meiner er knytt til saka. Den 29 år gamle mannen som er sikta for forsettleg drap vedgår at han stakk den avdøde med kniv.

Drap i Ålesund - søk i sjøen

Politiet har gjort undersøkingar både i sjøen og på land.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Han blei dradd inn i ein situasjon gjennom ein kjenning som bad han om å vere med. Det oppstod ein krangel, først verbalt og så fysisk. Deretter blei det brukt ein kniv fordi han følte seg trua, seier Reidar Andresen, som er forsvararen til mannen.

Mannen blei tysdag framstilt for varetektsfengsling i fire veker, to av dei i isolasjon. 29-åringen har så langt ikkje tatt stilling til spørsmålet om straffskuld, men samtykker til vidare fengsling.

– Han har forståing for at politiet treng tid til å etterforske saka på ein effektiv måte, seier Andreasen.

Den drapssikta sunnmøringen er tidlegare domfelt ei rekkje gongar for grov vald, narkotikalovbrot og tjuveri. Ei oversikt frå Sunnmøre tingrett viser at mannen er domfelt gong etter gong dei siste ti åra, fleire gongar for grov vald.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL