Hopp til innhold

Sikta 29-åring er tidlegare dømd for fleire grove valdsepisodar

Den 29 år gamle sunnmørsmannen som er sikta for forsettleg drap, er tidlegare domfelt ei rekkje gongar for grov vald, narkotikalovbrot og tjuveri. Etter det NRK kjenner til, er det berre dagar sidan han blei sleppt ut av fengsel.

Drapsepisode i Ålesund

Mannen som er sikta for drap, er tidlegare dømd for grov vald seks gongar. I samband med ei tidlegare rettssak blir det uttalt at det er stor risiko for at han held fram med grove lovbrot.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Den 29 år gamle mannen, som i dag blir framstilt for varetektsfengsling for forsettleg drap på open gate i Ålesund, blei allereie måndag karakterisert av politiet som ein kjenning.

Advokat Reidar Andresen

Advokat Reidar Andresen er forsvarar for 29-åringen som er sikta for drap. Han seier klienten hans handla i sjølvforsvar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ei oversikt frå Sunnmøre tingrett viser at mannen er domfelt gong etter gong dei siste ti åra, fleire gongar for grov vald.

Via sin advokat, Reidar Andresen, sa mannen seint måndag kveld at han var sterkt prega av det som har skjedd, men at han handla i sjølvforsvar.

Dette har han også tidlegare brukt som argument når han har blitt dømd for grov vald. Andresen vil ikkje kommentere kor truverdig dette er.

– Ingen kommentar, skriv han i ei tekstmelding.

Dømd for knivstikking

Ei oversikt over dei tidlegare dommane mot 29-åringen viser at han berre for eitt år sidan blei dømd for å ha knivstukke ein mann fleire gongar i kroppen og ansiktet, i samband med eit angiveleg narkotikaoppgjer.

Då hadde han tolv tidlegare dommar å svare for.

Allereie i 2010 blei 29-åringen dømd til fengsel i åtte månader for å ha gått laus på ein tilfeldig forbipasserande 16-åring. Ifølgje dommen skal han som no er sikta for drap, ha forsøkt å true til seg mobiltelefon, lommebok og eit smykke, og slått tenåringsguten med brekkjarn då han nekta.

Seinare er han dømd for å ha slått ein vektar i hovudet med ei brennevinsflaske, for å ha bite ei ukjend dame i armen, slått og sparka politifolk og tilfeldig forbipasserande. Han er også dømt for drapstruslar, tjuveri, ulike narkotikalovbrot og for å ha knivar og skytevåpen.

– Høg risiko for gjentaking

I ein dom frå 2011 kjem det fram at mannen har vore rusavhengig sidan tidleg i tenåra, og gang etter gang blitt tatt for ulike typar vinningskriminalitet.

I samband med ei rettssak i 2014 uttalar psykolog Karl Yngvar Dale at det «foreligger en høy risiko for gjentagelse av tidligere risikoscenarier, forutsatt at det ikke skjer vesentlige endringer i hans evne til å tøyle rusimpulser».

Blir truleg fengsla tysdag

Sunnmøre tingrett

29-åringen som er sikta for forsettleg drap blir truleg varetektsfengsla tysdag ettermiddag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Den sikta 29-åringen har samtykt til varetektsfengsling. Det skjer truleg tysdag ettermiddag.

Han aksepterer at politiet har eit behov for å etterforske saka på ein objektiv måte dei komande vekene, seier Andresen.

NRK gjer merksam på at vi ein kort periode oppga feil alder og opplysningar om den omkomne. Vi seier oss leie for dette.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL