Hopp til innhold

Dømd til fengsel for omfattande nettovergrep

Ein hordalending er dømd til fengsel i ni år for omfattande nettovergrep mot jenter frå heile landet. 37-åringen må også betale i overkant av ein halv million i erstatning til dei mange offera.

Sunnmøre tingrett

Under rettssaka vedgjekk den 37 år gamle mannen straffskuld for 34 punkt mot ti jenter frå heile landet. Mannen erkjente ikkje straffskuld for eit overgrep mot ei jente frå Sunnmøre, men blei også dømd for dette i Sunnmøre tingrett.

Foto: Harry Heggdal / NRK

Ved å gje seg ut for å vere «Tobias» på 17–18 år, kom den 37 år gamle mannen frå Hordaland i kontakt med jentene på Skype, mobil og ulike chattetenester. Der lurte han jentene til å kle av seg og gjere seksuelle handlingar framfor webkamera. I starten var han snill og omsorgsfull, men kontakta skal raskt ha utvikla seg til omfattande overgrep. Dette skjedde medan mannen var busett på Sunnmøre for å studere, og etter kvart sjølv blei far.

Anne Hovde er koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma i saka. Ho seier dei er tilfreds med utfallet av dommen.

Anne Nerland Hovde

Koordinerande bistandsadvokat, Anne Hovde, seier dei fornærma er tilfreds med dommen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Alle er veldig fornøgd med å ha blitt trudd, og for å få ei stadfesting på at det dei har blitt utsett for ikkje er rett. Det betyr mykje, og eg trur det også vil ha ei stor betydning for andre som blir utsett for liknande overgrep, seier ho.

Aktor bad om ti års fengsel då saka kom opp i Sunnmøre tingrett. Grunna og behandlingstida og frådrag frå varetektsfengsling sette retten fengselsstraffa til ni år.

Aktor Cathrin Remøy, seier til NRK at det ikkje ligg an til ei sjølvstendig anke frå påtalemakta på dette tidspunktet, sjølv om det er eit avvik mellom det dei bad om og straffeutmålinga.

Helsesøster slo alarm

Saka starta då ei helsesyster i Sør-Trøndelag slo alarm, fordi ho hadde kome i kontakt med ei jente som fortalde kva som skulle ha skjedd. Etter kvart klarte politiet å spore opp ei rekkje andre jenter, og skal ha funne store mengder bilde og film. Under rettssaka kom det fram at politiets spesialetterforskarar hadde funnet 367.000 Skype-filer som viste grove overgrep då dei granska datatrafikken mellom mannen og jentene.

Hordalendingen vedgjekk straffskuld for 34 punkt mot ti jenter frå heile landet. Tre av dei ti var frå Akershus, to frå Sogn og Fjordane, ei frå Aust-Agder, ei frå Vest-Agder, ei frå Sør-Trøndelag, ei frå Rogaland og ei frå Hordaland.

Mannen var også tiltalt for overgrep mot ei jente på seks år på Sunnmøre, men nekta straffskyld for dette under rettssaka. Sunnmøre tingrett trudde ikkje på forklaringa til mannen og han blei også dømd for dette. I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale i overkant av ein halv million i erstatning til dei mange offera.

– Kynisk og manipulerande

I dommen frå Sunnmøre tingrett går det fram at mannen har oppnådd tillit for så, på ein kynisk og grenselaus måte, ha utnytta dei fornærma på det grovaste. 37-åringen starta ofte med omtale av ordinær seksuell aktivitet for så å få kommunikasjonen over på meir og meir groteske seksuelle handlingar.

Vidare står det at mannen har vore manipulerande og truande. Dette blei ofte gjort for å få dei fornærma til å akseptere seksuelle overgrep som noko normalt. Mannen skal ifølgje dommen har vore svært manipulerande og kynisk for å få dei fornærma til å sende bilete eller vise seg på film.

Vurderer anke

Ole-Petter Grythe Hoff

Advokaten til mannen, Ole-Petter Grythe Hoff, seier dei no vil gå nøye gjennom dommen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Advokaten til mannen, Ole-Petter Grythe Hoff, seier dei no er i gang med å gå gjennom dommen. Han vektlegg at hans klient ikkje ønskjer å kommentere dommen eller innhaldet i den på dette tidspunktet. Det er så langt ikkje klart om dei kjem til å anke dommen.

– Det vi eventuelt vil anke er punktet han ikkje erkjende straffskuld for, og straffeutmålinga, seier Hoff.

Allereie første dagen i retten bad han om orsaking overfor jentene, og sa han var den einaste som hadde skuld i det som skjedde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL