Hopp til innhold

Skal ha lurt 10 jenter til å sende nakenbilde

Ein mann i 30-åra er tiltalt for å ha lurt ti jenter til å sende nakenbilde av seg sjølve. Mannen skal ha sagt at han var ein 17 år gamal gut.

Norges lover

TILTALT: Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har tatt ut tiltale mot mannen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Mannen, som har adresse i Hordaland, budde på Sunnmøre då han skal ha klart å lure ti jenter frå ulike stader i landet til å vise fram nakenbilde av seg sjølve. Den yngste av jentene var berre 11 år gamal då dette skal ha skjedd, og tiltalen viser at mannen ved hjelp av truslar og manipulasjon skal ha klart å få dei til å kle av seg.

Cathrin Remøy er politiadvokat seier at dei blei klar over saka etter at ei helsesøster slo alarm.

Ole-Petter Gryte Hoff er forsvarar for mannen, og ønskjer ikkje å kommentere tiltalen. Han seier etterforskinga har pågått i fleire år.

Tiltalt for ei rekkje overgrep

I løpet av eit års tid i 2013 og 2014 skal han ha lurt dei ti jentene til å sende bilde via webkamera. Nokre av jentene skal også ha utført seksuelle handlingar etter ønske frå mannen.

Tiltalen omfattar også fleire tilfelle av seksuelt krenkande åtferd, fordi mannen sjølv skal ha sendt nakenbilde til jentene. I tillegg skal mannen ha forgripe seg mot ei sju år gamal sunnmørsjente.

Drapstruslar

Mannen skal ved fleire høve ha kome med truslar via Skype og telefon, for å få ei av jentene til å gå endå lenger enn å vise seg, men også utføre seksuelle handlingar.

Ifølge tiltalen skal han ha trua med å drepe henne og/eller leggje ut bilde han allereie hadde av henne på internett.

Saka skal opp for Søre Sunnmøre tingrett i januar 2018.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL