Hopp til innhold

Frykta at overgrepstiltalt ville rømme til Thailand

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Politiet meinte datafunn tyda på at mannen var på veg ut av landet.

Sunnmøre tingrett

Politiet frykta at den 37 år gamle hordalendingen ville rømme og bad om varetektsfengsling. Retten meinte derimot ikkje at det var fare for at mannen ville stikke av.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Den 37 år hordalendingen blei difor framstilt for varetektsfengsling onsdag ettermiddag. Politiet meiner dei har funne bevis for at mannen vil forsøke å reise til Thailand.

– Vi trur han kan stikke av, sa aktor Cathrin Remøy i fengslingsmøtet onsdag.

Retten meinte derimot ikkje at det var stor nok fare for at mannen ville stikke av, og politiet fekk difor ikkje medhald i varetektsfengslinga.

Frykta han var på veg til Thailand

Cathrin Remøy

Aktor Cathrin Remøy fryktar at den overgrepstiltalte hordalendingen vil flykte til Thailand.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I retten la Remøy fram dokumentasjon som politiet meinte beviste at mannen var på veg til Thailand.

Ifølgje Remøy skal mannen ha skrive på ei Facebook-gruppe for folk som er interessert i Thailand, 28. januar og 2. mars, og spurt korleis ein fekk visum til Thailand. Ho vektla mellom anna at mannen skal ha spurt om kva som var visumreglane no.

Tidlegare i dag la aktor ned påstand om fengsel i ti år for overgrep mot totalt 11 jenter frå heile landet, den yngste berre seks år gamal.

Les alt om saka her:

Avviste at han ville stikke av

I retten avviste den 37 år gamle mannen at han hadde planar om å reise til Thailand no og protesterte mot fengslinga. Mannen forklarte at det er mykje som knyter han til Noreg og at han vil gjere opp for seg.

Vidare fortalde hordalendingen at har vore på reise i utlandet store delar av tida etter at saka blei rulla opp, og at han vurderer å busette seg i Thailand når rettssaka er over.

– Dette er absolutt ikkje snakk om ei flukt, sa han om innlegga på Facebook.

Mora til den tiltalte hordalandsmannen blei også ringt opp som vitne i retten onsdag ettermiddag. Ho forklarte at mannen har snakka om å reise til Thailand seinare i livet, men ikkje før etter dommen. Ho har ikkje oppfatta at han vil reise no, og viste mellom anna til at mannen er småbarnsfar.

Forsvararen til mannen, Ole-Petter Gryte Hoff, meinte varetektsfengslinga var ugrunna.

– Dette er oppkonstruert frå politiet si side, sa Gryte Hoff i retten og viste også til at mannen gjerne kunne levere inn passet sitt.

Retten meinte at det ikkje var stor nok fare for at 37-åringen ville stikke av, og politiet fekk ikkje medhald i varetektsfengslinga.

Les også: