Hopp til innhold

Trur mange foreldre ikkje anar kva ungane har gjennomgått

Politiadvokat Cathrin Remøy seier at det truleg sit mange fortvilte barn på norske barnerom utan at foreldra anar det minste. Denne veka starta ei omfattande overgrepssak mot jenter ned i 11-årsalderen i Sunnmøre tingrett.

politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, Cathrin Remøy

Politiadvokat Cathrin Remøy seier dei ikkje har klart å identifisere alle mannen har hatt kontakt med. Ho seier dei har brukt svært mykje tid på å hente fram igjen kommunikasjonen mellom den tiltalte og jentene.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Den yngste jenta var berre 11 år då mannen i 30-åra skal ha fått henne til å sende frå seg nakenbilde av seg sjølv via Skype. Ved å gje seg ut seg for å vere «Tobias» på 17–18 år, og ifølgje tiltalen ved å bruke dels truslar, men også kompliment og lokking, skal han ha misbrukt til saman ti jenter.

Dei fornærma jentene er frå heile landet, 3 av dei 10 frå Akershus, 2 frå Sogn og Fjordane, 1 frå Aust-Agder, 1 frå Vest-Agder, 1 frå Trøndelag, 1 frå Rogaland, 1 frå Hordaland.

Dei fleste forholda strekkjer seg over nokre månader og heilt opp i nesten eitt år, med omfattande seksuell kommunikasjon.

Politiadvokat Cathrin Remøy ved Sunnmøre politidistrikt, er aktor i den fire veker lange saka, og seier mange jenter og gutar aldri fortel foreldra sine kva dei har gått gjennom.

Eg er heilt overbevist om at det er mange barn som sit i dette, seier ho.

Les opp timevis med sexprat for retten

Måndag ettermiddag fekk retten innblikk i korleis mannen i 30-åra skal ha kome i kontakt med jentene, og korleis han har lurt dei til å kle av seg, sende nakenbilde og utføre seksuelle handlingar.

Heile tysdagen går etter planen med til å lese opp utdrag av kommunikasjonen mellom mannen og sørlandsjenta han skal ha forgripe seg mest alvorleg mot.

Utdraga som blei leste måndag viser at mannen skal ha insistert på å vere sjefen i forholdet, at han skal ha trua og lokka 14-åringen frå Aust-Agder til å gjere som han sa, og stadig tatt initiativ til grov sexprat og seksuelle handlingar.

Remøy seier dei neppe har klart å kome i kontakt med alle involverte.

– Vi har brukt veldig mykje tid på å gjennomgå alle dei 631 Skype-kontaktane tiltalte har hatt. Vi har ikkje lykkast med å identifisere alle, og dei som er med i tiltalen er jo dei vi sit igjen med fordi vi har funne ut kven dei er, seier Remøy.

Tiltalt for å ha lurt ti jenter

Måndag vedgjekk mannen straffskuld for alle overgrep mot dei ti jentene, og sa samstundes at han i ettertid ikkje forstår korleis han kunne gjere dette. Det kom fram at mannen nesten var ferdig helsefagarbeidar då han blei pågripen, og at han hadde praksisplass i barnevernet samstundes som han skal ha forgripe seg mot dei ti jentene.

Ole-Petter Grythe Hoff

Ole-Petter Grythe Hoff representerer den tiltalte mannen i retten, og seier det er viktig for mannen å be jentene om orsaking.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Måndag sa han at han ønskte å gjere opp for seg, og vedgjekk det aller meste av det han var skulda for.

– Det er viktig for han, han gir uttrykk for at han forstår alvoret i det han har gjort, og ønskjer å seie det til dei som er fornærma i saka, seier mannen sin forsvarar, Ole-Petter Gryte Hoff.

Fryktar sinte foreldre

Politiadvokat Cathrin Remøy, som er aktor i saka, seier at mange barn er så redde for reaksjonane til foreldra, at dei aldri fortel kva dei er utsette for.

Dersom du fryktar at foreldra dine kan bli sinte eller skuffa, er det likevel viktig at du seier frå til nokon du stolar på. Dei vaksne må få vite, for å kunne hjelpe, seier ho.

Kor ofte ser de at frykta for foreldra sin reaksjon blir utnytta av overgriparar?

Heile tida. Desse som er ute etter å utnytte barn på denne måten, veit kva som skal til, og barn er svært enkle å leie, seier ho.

Ho ber foreldre som mistenkjer at borna har blitt utsette, for å ta kontakt med politiet.

Berre i den eine saka skal politiet ha identifisert over 500 000 meldingar og 600 Skype-kontaktar.

Les også: