Hopp til innhold

Noregs rikaste kommune frifunnen - slepp å betale tilbake hundrevis av millionar

Aukra har blitt søkkrik på gass. No er kommunen frifunnen for skuldingane om å ha håva inn 300 millionar kroner for mykje.

Aukra kommune

Landets rikaste kommune lever godt på eigedomsskatten. Ingen andre kommunar har større inntekter per innbyggar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det har blitt mange kakestykke for innbyggarane i Aukra dei siste åra. Kvar gong Noregs rikaste kommune har opna ein ny barnehage, skule eller badeland har det vore tradisjon å servere marsipankake til alle innbyggarane.

Kake til alle i Aukra

RIK KOMMUNE: Det har blitt mange kaker i Aukra dei siste åra. Kommunen blir rekna for å vere den rikaste i landet på grunn av inntektene frå eigedomsskatten.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Det er eigedomsskatten som har gjort kommunen så rik.

No slår Møre og Romsdal tingrett fast at kommunen har vore i sin fulle rett til å krevje inn eigedomsskatt i rikt monn.

Dommen inneber at kommunen slepp å betale tilbake rundt 300 millionar for åra 2018–2022.

«Retten har kommet til at ingen av Gasscos anførsler kan føre fram og at det ikke er grunnlag for å sette klagenemndas vedtak til side som ugyldig» heiter det i dommen.

– Veldig glad! Det er ein gledens dag i Aukra, jublar ordførar Helge Kjøll (KrF).

Helge Kjøll

Ordførar Helge Kjøll i Aukra (KrF).

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Betalar 250 millionar i eigedomsskatt kvart år

Det er eigaren av det enorme ilandføringsanlegget av gass på Nyhamna som har gjort Aukra så utruleg rike. Ingen annan kommune har større inntekter frå eigedomsskatt per innbyggar.

Kvart år forsyner Gassco kommunekassa med 250 millionar kroner. Selskapet hevdar hevdar kommunen har tatt inn langt meir enn dei burde. I retten blir påstandane tilbakevist på punkt etter punkt.

Aukra kommune er blankt frifunne. I tillegg må Gassco betale 4,5 millionar kroner i sakskostander for å ha tatt saka til retten.

STORE VERDIAR: Kvar dag blir det produsert gass for enorme beløp på Nyhamna. Gassen kjem frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-feltet i Norskehavet.

Gassco sin advokat hevda kommunen har bomma med over ein milliard kroner då dei fastsette takstgrunnlaget for eigedomsskatten, men dette blir altså tilbakevist.

– Usemja gjeld både den metodiske framgangsmåten og ein del av utrekningane som låg til grunn for taksten, skriv advokat Finn Backer-Grøndahl i sluttinnlegget.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar til dommen.

Finn Backer-Grøndahl, advokat for Gassco i saka der dei krev tilbakebetaling av eigedomsskatt

Finn Backer-Grøndahl er advokat for Gassco. Han har førebels ikkje kommentert dommen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ventar fleire rettssaker

Det er få skattar som set sinna meir i kok enn eigedomsskatten. Og det er ikkje berre privatfolk som kranglar med kommunen om den utskjelte eigedomsskatten.

Langs norskekysten ligg åtte olje- og gassanlegg og fleire av dei har gått heilt til retten for å avgjere kor mykje dei skal betale til vertskommunane.

Caroline Lund er advokat for Aukra og fleire av dei andre kommunane. Ho har førebels ikkje rokke å studere dommen, men meiner resultatet er prinsipielt viktig.

– For alle dei kommunene vil denne dommen ha betydning i den grad dei er underlagt særskattereglane, seier ho.

Caroline Lund, advokat for Aukra i rettssaka der Gassco krev tilbakebetaling av eigedomsskatt. Her i samtale med kollega Silje Aga Rogan (t.h.)

Caroline Lund er advokat for Aukra. Torsdag møter ho i Høgsterett for Alver kommune.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
  • Allereie i 2019 gjekk Equinor til rettssak mot Karmøy kommune og hevda eigedomsskatten var alt for høg. Men selskapet tapte på alle punkt, og Lagmannsretten avviste anken.
  • Seinare denne veka skal Høgsterett behandle striden mellom Equinor og Alver kommune i Vestland. Nyleg blei det klart at saka hamnar i Høgsterett.
Nyhamna i Aukra

Anlegget på Nyhamna blei sett i drift i 2007. Her blir det produsert gass for inntil 650 millionar kroner kvar einaste dag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fire veker ankefrist

Ordføraren i Aukra, Helge Kjøll, seier han ikkje er overraske over utfallet, men likevel svært letta.

Øykommunen har i lang tid planlagt fastlandssamband, og Kjøll seier dette hadde stått i fare dersom dei hadde tapt.

Måndag føremiddag slo Møre og Romsdal tingrett fast at Aukra ikkje har kravd inn for mykje eigedomsskatt.

– Når dette blir kjent vil folk, både politisk, adminstrativt og folk i kommunen, kjenne på ei stor lette, seier han.

Dommen er ikkje rettskraftig. Ankefristen går ut om fire veker.

Les også Noregs rikaste kommune byggjer endå meir

Bernhard Riksfjord