Hopp til innhold

Var nesten ferdig utdanna helsefagarbeidar då han blei pågripen

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Den tiltalte mannen i 30-åra ba fleire gongar om orsaking for det han har gjort mot ti jenter, då saka mot han starta måndag morgon. Han seier heile skulda er hans, og at han i ettertid er sjokkert over seg sjølv.

Sunnmøre tingrett

- Orsak, orsak, orsak, sa mannen i retten måndag føremiddag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Den yngste jenta var berre 11 år då mannen ifølgje tiltalen skal ha forgripe seg mot henne. I same periode var han sjølv i praksis i barnevernet, som student på ei helsefagleg utdanning.

I retten i dag vedgjekk han straffskuld for 34 punkt mot ti jenter frå heile landet. Ved å late som om han var ein yngre og penare mann, skal han ha lurt dei til å kle av seg og gjere seksuelle handlingar.

Overgrepa skal ha skjedd undervegs i utdanninga og fram imot at han nesten var ferdig. et kom også fram at seksuelle overgrep mot barn opphavleg var tema for mannen si bacheloroppgåve.

– Orsak, orsak, orsak, starta mannen forklaringa si i retten måndag, og la til at alt var hans skuld, og ingen av jentene kunne lastast for det som skjedde.

Gav seg ut for å vere «Tobias» på 17

Hordlandsmannen sa måndag føremiddag at retten dei neste vekene vil få høyre utruleg stygge ting som han har sagt til jentene, som han i dag ikkje forstår sjølv.

Ved å gje seg ut for å vere «Tobias» på 17-18 år, kom han i kontakt med jentene på Skype, mobil og ulike chattetenester.

Alt skjedde medan han var student på Sunnmøre, og etterkvart blei far.

Dei fornærma jentene er frå heile landet, 3 av dei 10 frå Akershus, 2 frå Sogn og Fjordane, 1 frå Aust-Agder, 1 frå Vest-Agder, 1 frå Sør-Trøndelag, 1 frå Rogaland, 1 frå Hordaland.

Helsesystra slo alarm

Saka starta då ei helsesyster i Sør-Trøndelag slo alarm, fordi ho hadde kome i kontakt med ei jente som fortalte kva som skulle ha skjedd. Etterkvart klarte politiet å spore opp ei rekkje andre jenter, og skal ha funne store mengder bilde og film.

– For oss har det vore nybrottsarbeid, seier aktor, politiadvokat Cathrin Remøy til retten.

Cathrin Remøy

Politiadvokat Cathrin Remøy er aktor i saka. Ho seier saka er svært omfattande.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ho karakteriserer saka som svært grov og omfattande, den første overgrepssaka på nett for politiet på Sunnmøre.

Skeptisk til tidsbruken

Mannen i 30-åra kritiserte også politiet for å ha brukt alt for lang tid i etterforskinga, og meinte dette har utsett både han og jentene for unødig belastning.

Han forklarte også at han hadde det svært vanskeleg i tidsrommet dei seksuelle overgrepa skal ha skjedd. Både han og nære familiemedlemmer skal ha vore sjuke, og han forklarte at han var svært stressa. Han sa også at oppveksen og ungdomstida hadde vore svært vanskeleg på ulike måtar, og at han fleire gongar hadde forsøkt å ta livet sitt.

Mannen er i dag uføretrygda.

Skal ha bedt om hjelp

I retten forklarte han at overgrepa var ein måte å få kontroll på, som han i ettertid ikkje forstår at han gjorde.

Han sa også at han sjølv etterkvart innsåg at det han dreiv med var gale, og at han var i ferd med å ta kontakt med helsepersonell for å få hjelp, då han blei pågripen.

Trass i fleire spørsmål avviste han også kategorisk at han ønskte å møte jentene og forgripe seg mot dei ansikt til ansikt.

Les også: