Hopp til innhold

– Han var den einaste eg kunne prate med

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Den no 19 år gamle kvinna som skal ha blitt grovt seksuelt utnytta, seier ho ikkje hadde nokon då ho møtte «Tobias» på 17 år. Ho reagerte kraftig då ho møtte mannen i retten.

Anne Nerland Hovde

Koordinerande bistandsadvokat, Anne Nerland Hovde, seier det er svært vanskeleg for jentene å forklare seg i retten. Onsdag forklarte den no 19 år gamle hovudfornærma at ho har fortrengt mykje av det som skjedde.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sørlandskvinna sa det var heilt forferdeleg å møte igjen den tiltalte 38 år gamle mannen, og braut saman i gråt fleire gongar då ho skulle forklare seg.

Retten fekk høyre om ein svært vanskeleg oppvekst, med problem både heime og på skulen. Ho forklarte at ho blei mobba, mangla vener og ikkje hadde nokon å snakke med då ho som 14-åring kom i kontakt med mannen.

Han skal ha gitt seg ut for å vere 17 år gamal, heite Tobias og vere frå Nesodden. I starten var han snill og omsorgsfull, men kontakten skal ha utvikla seg i løpet av kort tid til omfattande overgrep.

– Eg var veldig glad for å møte han, det betydde alt, forklarte kvinna som er hovudfornærma i overgrepssaka på Sunnmøre.

I realiteten var han småbarnsfar og student, med praksis i barnevernet på Sunnmøre, og snart ferdig med utdanninga som helsearbeidar.

– Klarte ikkje å seie nei

Den overgrepssikta mannen måtte forlate rettsalen då kvinna forklarte seg onsdag, og følgjer saka frå ein sidesal, saman med media.

Ho braut saman i gråt fleire gongar undervegs medan ho forklarte seg onsdag, og sa det var svært tungt å vere i retten. Først i forrige veke skal ho ha fortalt til systra si kva som skal ha skjedd. Verken foreldra eller arbeidskollegaer har fått vite om rettsaka som no pågår og dei grove overgrepa han skal ha utsett henne for.

Eg prøvde veldig mange gongar å unngå det, men det nytta ikkje, forklarte ho.

Ho sa også i retten at ho dikta opp overgrepshistorier, fordi han likte så godt historier om overgrep mot barn. Ho sa også at han trua med å avslutte forholdet og legge ut nakenbilde av henne på nettet om ho ikkje gjorde som han sa.

Eg var livredd, sa vidare, og forklarte at han skal ha trua med å valdta henne og vere voldeleg, og dette gjorde henne svært redd for at han skulle dukke opp.

Vedgjekk planlegging i detalj

Onsdag ettermiddag gjentok mannen at han beklagar det som har skjedd på det sterkaste, og sa han ikkje forsto konsekvensane, fordi han hadde det så tungt sjølv. Han tilbakeviste også at han var åleine om å ta initiativ til det som skjedde.

Han vedgjekk også at han hadde planlagt i detalj å møte 14-åringen og forgripe seg mot henne, men sa i retten onsdag at han ikkje hadde tenkt å gjennomføre dette.

– Det var berre for å fore ein fantasi, sa han i retten onsdag.

Skal ha funne 367 000 filer

Onsdag morgon forklarte spesialetterforskar Kåre Lystad ved Møre og Romsdal politidistrikt seg om kva politiet på Sunnmøre fann då dei begynte å undersøkje datamaskinen til den overgrepstiltalte mannen.

Kåre Lystad

Spesialetterforskar Kåre Lystad ved Møre og Romsdal politidistrikt seier overgrepssaka som no går i retten, kravde omfattande arbeid. Han seier dei heldt på med saka i over eit halvt år.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Han sa då at spesialetterforskarane fann 367 000 Skype-filer som viser grove overgrep, då dei begynte å granske datatrafikken mellom mannen og jentene.

– I alle fall i eit halvt år heldt vi på med denne saka. Dette omfanget med chat trur eg ikkje det har vore jobba med før i dette politidistriktet, forklarte spesialetterforskaren.

Stilte spørsmål ved tidsbruken

Mannen sin forsvarar, Ole-Petter Gryte Hoff, stilte onsdag føremiddag spørsmål ved kvifor saka har tatt så lang tid å etterforske. Det er snart fire år sidan mannen blei pågripen, og det gjekk omlag to år til saka blei sendt frå det lokale lensmannskontoret til etterforskarane i politidistriktet.

Dette var også den tiltalte mannen oppteken av, då han forklarte seg for første gong måndag, då han ba om orsaking.

Spesialetterforskar Kåre Lystad stadfesta at politiet kunne fått fram den omfattande datakommunikasjonen langt før, men sa det lokale politiet mangla verktøya.

Tok kopi av datatrafikken

Onsdag føremiddag forklarte etterforskaren at deler av kommunikasjonen var sletta, men at dei likevel klarte å hente fram igjen kopiar. Dette skal ha vist korleis mannen i løpet av kort tid manipulerte, trua og lokka jenta til stadig nye overgrep via webkamera.

Lystad forklarte også at mannen skal ha søkt etter bilde av musklar og penisar på nett, for å kunne sende til jentene.

Lystad forklarte også at hordalandsmannen hadde to ulike identitetar på Skype, der den eine inneheld omfattande kommunikasjon. På den andre, der mannen skal ha brukt sitt eigentlege namn, inneheld langt færre meldingar, og blei brukt i kommunikasjonen til dømes med den dåverande ektefellen.

Politiadvokat Cathrin Remøy og spesialetterforskar Kåre Lystad

Spesialetterforskar Kåre Lystad forklarer seg i retten onsdag føremiddag. Her med aktor, politiadvokat Cathrin Remøy.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL