NRK Meny
Sunnmøre tingrett
Foto: Synnøve Hole / NRK

Skulda for overgrep mot 11 jenter

Oppsummert

Ein hordalandsmann i 30-åra er tiltalt for å ha lurt 10 jenter ned i 11-års-alderen til å kle av seg og utføre grove seksuelle handlingar. Mannen er også tiltalt for overgrep mot ei seks år gamal jente.

  • Ankar overgrepsdom på ni år

    Den 37 år gamle hordalendingen som er dømd til fengsel i ni år for omfattande nettovergrep, ankar dommen til lagmannsretten. Mannen blei nyleg funnen skuldig i overgrep mot ti jenter frå heile landet, i tillegg til ei seks år gamal sunnmørsjente. Forsvararen hans, Ole-Petter Grythe Hoff, seier at mannen ankar over straffeutmålinga og skuldspørsmålet i forhold til den seks år gamle jenta. Han har heile tida vedgått straffskuld for nettovergrepa. Koordinerande bistandsadvokat Anne Hovde seier ho ikkje er overraska, men at anken er beklageleg med tanke på offera som då ikkje blir ferdig med saka.

    Ole-Petter Grythe Hoff
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Blei ikkje fengsla

    Politiet fekk ikkje medhald i varetektsfengsling for den 37 år gamle hordalendingen som er tiltalt i den omfattande overgrepssaka på Sunnmøre. Politiet frykta at mannen skulle stikke av, men retten meinte det ikkje var fare for at mannen skulle stikke av og han blir dermed ikkje fengsla.

  • Fryktar tiltalt skal stikke av

    Politiet fryktar at den 37 år gamle hordalendingen som er tiltalt i den omfattande overgrepssaka på Sunnmøre skal stikke av. Han blir difor framstilt for varetektsfengsling onsdag ettermiddag. Politiet meiner dei har funne bevis på at mannen forsøkjer å reise til Thailand. Onsdag ettermiddag la aktor ned påstand om fengsel i ti år for overgrep mot totalt 11 jenter.

  • Ber om frifinning for overgrep

    Advokaten til den 37 år gamle hordalandsmannen som er tiltalt for omfattande overgrep, ba onsdag ettermiddag om at mannen blir frifunnen for overgrep mot ei seks år gamal sunnmørsjente. Advokat Ole-Petter Grythe Hoff, viste elles til at mannen har vedgått det meste at det han er tiltalt for og at etterforskinga har tatt lang tid. Han ba difor om at mannen blir behandla midlast mogleg. Aktor ba tidlegare på dagen om at mannen blir straffa med ti års fengsel.

    Ole-Petter Grythe Hoff
    Foto: Synnøve Hole / NRK