Hopp til innhold

Verftsgigant må seie opp tilsette for å drive vidare

Kleven Verft i Ulstein unngår konkurs, men mange mistar jobben som følgje av ein redningsplan for bedrifta. Selskapet ser ut til å vere berga - ei stund til.

Hurtigruteskipet "Roald Amundsen"

HYBRIDSKIP: Hurtigruteskipet Roald Amundsen blei levert frå Kleven verft i Ulstein tidlegare i år. No er snart skipet Fridtjof Nansen også ferdig, og det er den siste store kontrakten for Ulstein-verftet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er no 240 tilsette ved Kleven Verft i Ulstein, og talet skal ned til rundt 140.

Kleven vedgår på fredagens pressekonferanse at alternativet til nedbemanninga var avvikling av selskapet.

– Restruktureringa av Kleven Verft AS er fullført, og «Nye Kleven» er no etablert. Det nye firmaet har fått starthjelp frå fleire hald, i tillegg til kontraktar som sikrar drift i verftet ut 2020, opplyser selskapet.

Nye Kleven vil i ein overgangsperiode vere kontrollerte av noverande eigar Hurtigruten og bankane. Den nye eigarstrukturen er enno ikkje klar, men Hurtigruten går etter kvart ut.

Reagerte med applaus

Allmøte på Kleven

Dei tilsette på veg ut frå allmøtet på Kleven.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei tilsette var kalla inn til allmøte fredag. Fleire av dei kjem til å miste jobben, men likevel reagerte dei med applaus og lette over at det framleis blir drift ved verftet.

– Dette er ei veldig god løysing for dei tilsette som skal fortsette her. Det vil sjølvsagt innebere større nedbemanningar, men slik eg ser det er dette ei moglegheit for at vi framleis skal kunne bygge skip her på Kleven, seier Gustav Hasund som arbeider på verftet.

Gustav Hasund, controller Kleven Verft

Gustav Hasund, jobbar som controller i Kleven.

Foto: Frode Berg / NRK

Det tradisjonsrike verftet er eigd av Hurtigruteselskapet KB Holding. Etter mange tiår der Kleven-familien hadde full kontroll, gjekk mellom andre Petter Stordalen og Hurtigruten inn i selskapet i 2017. Han selde seg seinare ut.

Verftet har vore igjennom store endringar siste åra, og leiinga er også letta over at både bankane og eigarane har tru på at eit av dei største verfta i Møre og Romsdal skal overleve denne krisa også.

– Det er veldig kjekt at vi no har fått på plass ein heilt konkret framtidsplan for vidare drift av Kleven Verft, skriv administrerande direktør, Kjetil Bollestad i ei pressemelding.

MS Fridtjof Nansen under bygging

Når Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen blir sjøsett frå Kleven Verft rundt årsskiftet, er det ingen store kontraktar igjen for verftet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Tøffe tider

Nedturen i offshoremarknaden pregar framleis verftsnæringa. Omstillinga frå bygging av offshoreskip til nye marknader har slett ikkje gått knirkefritt.

Torsdag kom meldinga om at driftsresultatet for 2018 for skipsverftskonsernet Vard med hovudkontor i Ålesund, vart minus 1,89 milliardar. Kleven Verft har valt å betale dagbøter i staden for å offentleggjere rekneskapen for 2018, men ifølge Dagens Næringsliv har verftet tapt over ein milliard kroner på fire år.

Når Hurtigruteskipet Fridtjof Nansen blir sjøsett frå Kleven Verft rundt årsskiftet, er framtida usikker. Dei må igjennom ei stor omstilling frå å bygge store oljefartøy og hurtigruteskip, til småbåtar, ombygging og reparasjonsarbeid.

Kjetil Bollestad, adm. dir. Ola Beinnes Fosse, finansdirektør, Thore Veddegjerde, salssjef i Kleven

Kjetil Bollestad, adm. dir., Ola Beinnes Fosse, finansdirektør, Thore Veddegjerde, salssjef i Kleven.

Foto: Frode Berg / NRK

Fredag blei det også klart at Kleven har sikra seg ei ombyggingskontrakt med selskapet NordnesGruppen der dei skal bygge om ein eksisterande fiskebåt. I tillegg er Nye Kleven og Fosen Yards i felles samtalar med Hurtigruten om ombyggingar og oppgraderingar av fleire Hurtigruten-skip. Men dette er ikkje nok til å sikre dagens bemanning.

– Det å nedbemanne er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, men det er eit heilt avgjerande tiltak for at verftet skal kunne ha vidare drift. Det blir hard jobbing framover, og alle må ha eit ekstremt fokus på kostnader. Vi har ingen garanti for framtida, sjølv om vi har god tru på drift etter 2020, seier Bollestad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL